Merknader til forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta)

Til kapittel I Innleiande føresegner

Til §1 Føremål

Ordlyden svarar til same regel i havbeitelova og fastset at forskrifta skal fremje lønsemd innafor rammene av ei balansert og berekraftig utvikling. Dette inneber at det skal takast omsyn til mellom anna miljø og dyrehelse, lokale tilhøve og marknadstilhøve. Forskrifta er også fastsett i medhald av fiskesykdomsloven og det er difor også teke med i føremålet å førebyggje, avgrense og utrydde smittsam sjukdom hjå akvatiske dyr.

Til §2 Verkeområde

Forskrifta gjeld utsetjing og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i næringsføremål. Ordlyden svarar til §2 fyrste punktum i havbeitelova, og gjev såleis definisjonen av havbeiteverksemd. Forskrifta er gjeven med heimel i fiskesykdomsloven, og smitteførebygging er såleis også teke med i verkeområdet. Forskrifta regulerer alle sider ved havbeiteverksemd, ikkje berre sjølve stadia i produksjonsprosessen som utsetjing og gjenfangst. Forskrifta regulerer alle former for havbeite, både ekstensive og intensive, samt produksjon med eller utan bruk av anlegg og innretningar.

Verksemd som ligg i forkant av havbeite, som til dømes klekkeri, vert ikkje regulert av denne forskrifta. Stadia før utsett i havbeite vert regulert av oppdrettslova.

Havbeite må også haldast skilt frå tradisjonell fangst og kultivering, til dømes tiltak som treng løyve etter saltvannsfiskeloven §4. Forskrifta regulerer likevel retten til tradisjonelt fiske og anna utøving av allemannsrett i lokaliteten uavhengig av anna fiskerilovgjeving.

Det gjerast oppmerksam på at havbeiteverksemd også regulerast i mellom anna: Forskrift av 30. september 2002 nr. 941 om slakterier og tilvirkingsanlegg fra akvakulturanlegg og havbeite, forskrift av 20. februar 1997 nr. 194 om rengjøring og desinfeksjon av akvakulturanlegg m.v., lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensingsloven) samt lov av 20 desember 1974 nr. 73 om dyrevern. Forskrift om helsekontroll vil gjelde for havbeite når den trer i kraft.

Til kapittel II Tildeling og retildeling

Til §4 Tildelingsmynde

Med fiskeristyresmaktene meinast Fiskeridirektoratet eller den Fiskeridirektoratet gjev mynde, jf. §3 bokstav d. Det takast sikte på at Fiskeridirektoratet skal delegere dette myndet til regionkontora i Fiskeridirektoratet slik at Fiskeridirektoratet sentralt vert overordna klageinstans. Fyrsteinstanshandsaming i regionkontora til Fiskeridirektoratet er i samsvar med praksis i dei fleste sakene etter oppdrettslova.

Fiskeristyresmaktene kan berre gje løyve etter forskrifta når dei krava som følgjer av forskrifta er følgde. Ein gjer merksam på at fiskeristyresmaktene ikkje har plikt til å gje løyve sjølv om søknaden er i samsvar med forskrifta - spørsmålet om løyve skal gjevast, ligg til fiskeristyresmaktene sitt forvaltningsskjønn.

Før fiskeristyresmaktene gjer vedtak om tildeling av løyve skal saka handsamast av sektorstyresmaktene og kommunen ein søkjer verksemda lokalisert til. Søknadsprosessen er samordna slik at søker sender éin søknad til fiskeristyresmaktene og dei sørger for at den kjem fram til relevante styresmakter. Søknader om løyve til havbeite skal vurderast ut frå sjukdomsmessige omsyn i samråd med veterinærstyresmaktene. Miljøvurderingar skjer i samråd med miljøstyresmaktene. I tillegg må miljøstyresmaktene gje utsleppsløyve etter forurensingslova om det skal fôrast i samband med verksemda. Ferdsel og eventuelle konfliktar med lokale interesser må vurderast i samråd med Kystverket og den aktuelle kommunen.

Ein gjer merksam på at tilsegn om løyve ikkje gjev rett til drift. Rett til drift har ein først når fiskeristyresmaktene gjev løyve knytt til klarerte lokalitetar. Det at løyve til omsøkt lokalitet er gjeve, inneber ikkje ei førehandsgodkjenning av lokaliteten.

Til §5 Særlege avgrensingar ved tildeling

Havbeitevirksomhet er ei ny næring i Noreg, og forvaltninga må difor skaffe seg naudsynt kunnskap og røynsle i takt med utviklingen i næringa. I Ot.prp.nr.63 (1999-2000) Om lov om havbeite er det lagt til grunn at næringa skal utviklast forsiktig og ikkje gå raskare fram enn at ein i prosessen har den naudsynte oversikta over m.a. konsekvensar for miljø og allemannsrett. I proposisjonen står det: « Havbeitenæringa vil vekse forsiktig og utvikle seg i takt med aukande kunnskap om miljøtilhøva. Ei større oppskalering må også skje på bakgrunn av marknadsforholda og produksjonskapasiteten i næringa. I første omgang vil dette få betydning for tildeling av løyve ».

I Innst.O.nr.15 (2000-2001) uttaler Næringskomitéen m.a.: « ... er kjent med at havbeiteloven kan få konsekvenser for miljø, utøvelse av allemannsrett og andre næringsinteresser. Det er derfor viktig at lovens intensjon om å ta hensyn til disse interessene blir vurdert ved tildeling av løyve og ved å trekke opp rammer for driften. .......Komiteen understreker at føre-var-prinsippet må legges til grunn for utvikling av havbeite som næring ». Komiteen meiner vidare at « det er naturlig at det blir foretatt en evaluering av ordningen med havbeite etter noen år og at viktige momenter som må vektlegges i en slik evaluering er utviklingen av det biologiske mangfoldet, konsekvenser for allemannsretten og allmenningsrettigheter... »

På bakgrunn av dette vil talet på løyve til havbeite avgrensast i startfasen til næringa slik at føringa i lovproposisjonen blir ivaretteke ved at næringa fyrst utviklar seg med utgangspunkt i eit avgrensa tal løyve.

Talet på løyve nasjonalt, regionalt og lokalt kan etter fyrste ledd i føresegna avgrensast av Fiskeridepartementet om det er behov for dette av omsyn til konsekvensar for miljø, utøving av allemannsrett og andre næringsinteresser. Den vidare utviklinga av næringa bør skje i takt med auka kunnskap om følgjer for miljø og allemannsrett og evne til å drive lønsamt. Det må sytast for at utviklinga ikkje går fortare enn at ein i prosessen har den oversikta som trengst om slike tilhøve.

Andre ledd i føresegna fastset at tildeling av løyve til havbeiteverksemd ikkje skal skje etter kvart, men etter koordinerte sakshandsamingsrundar sette i verk av Fiskeridirektoratet sentralt etter godkjenning frå Fiskeridepartementet. Ein ser for seg at fiskeristyresmaktene har eit løpande mottak av søknader, men at ein samlar desse opp til felles handsaming eventuelt fleire gonger i året avhengig av pågang og om det vil vere forsvarleg å tildele fleire havbeiteløyve. Tildeling av løyve ved hjelp av sakshandsamingsrundar vil sikre ei rettferdig fordeling av det avgrensa talet på løyve. I tillegg vil ein kunne styre utviklinga av næringa meir heilskapleg både nasjonalt, regionalt og lokalt. På denne måten vil ein kunne sikra ei varsam og kontrollert utvikling av næringa. Kor mange løyve som vert gjevne og kor dei eventuelt skal lokaliserast vert avgjort i den enkelte sakshandsamingsrunden. Dette vil mellom anna være avhengig av den interesse næringa har for havbeite og kva som vert sett på som ei forsvarleg utvikling.

Reglane i denne føresegna er berre meint å gjelde i starfasen til næringa. Med startfase i denne samanhengen må ein leggje til grunn den tida det tek før forvaltninga har kunnskap som gjer det mogleg å gje nøyaktige parameter for å ta omsyn til m.a. miljø og utøving av allemannsretten. Stortinget har som nemnt lagt føringar på at det skal gjennomførast ei evaluering av havbeiteverksemda når ein har fått auka røynsle med næringa. Det vil vere naturleg at ei slik evaluering vert gjort før ein opphevar reglane om at talet på løyve til havbeite kan avgrensast. Ein ser difor for seg at føresegna vert oppheva når forvaltninga har skaffa seg den naudsynte kunnskapen om konsekvensar av slik verksemd til å kunne forvalte forsvarleg eit større tal løyve.

Til §6 Søknad om løyve

yrste ledd i føresegna fastset ei generell opplysningsplikt for søkjaren. Fiskeristyresmaktene kan under sakshandsaminga krevje dei opplysningane frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.

Forskrifta fastset vidare at det skal søkjast på eit skjema fastsett av fiskeristyresmaktene. Skjemaet er utarbeidd for at søkjarane lettare skal kunne gje relevant informasjon i høve til søknadshandsaminga. Skjemaet er ikkje meint å vere uttømande i høve til alle opplysningar styresmaktene treng ved søknadshandsaming. Dette fordi eit slikt skjema ikkje kan tilpassast alle individuelle tilhøve for kvar einskild søknad.

Søkjar er ansvarleg for innhaldet i søknaden, medrekna at dei gjevne opplysningane er rette og relevante.

Det går fram av forskrifta at det skal søkjast i fem eksemplar. Bakgrunnen for dette er at søknaden skal handsamast av andre styresmakter som nemnt i merknaden til §4.

Ettersom fiskeristyresmaktene skannar søknader som kjem inn, er det teknisk mogeleg å vidaresende søknader til dei andre styresmakter som skal handsame søknaden. Dette vil fiskeristyresmaktene gjere så langt råd er. For at kvaliteten på desse dokumenta skal vere så god at dokumentet kan danne grunnlag for mottakar sin sakshandsaming, må ein krevje at dokumentet er i A-4-format og ikkje inneheld fargar. Både søknad og vedlegg må difor vere i svart/ kvitt. Slik søknad kan og sendast elektronisk. Søknader som ikkje oppfyller desse krava må sendast i fem eksemplar.

I siste ledd i føresegna står ei eksemplifisering av opplysningar styresmaktene treng for å handsame søknad om havbeiteløyve.

I bokstav a visast til §34 med merknadar. Av bokstav b følgjer at søkjar skal leggje fram ein investerings- og finansieringsplan (også kalla forretningsplan) for å dokumentere at føresetnadene for så vel etablering og oppstart som vidare drift og avvikling er oppfylt. Slik dokumentasjon bør innehalde omtale av prosjektet, sals- og driftsbudsjett, finansieringsopplysningar og eigenkapital, lån, tilskot/ stipend, organisering, leiing, rekneskapsføring og revisjon. I bokstav c er det stilt krav om at søknaden skal innehalde kartkoordinatar mv. Desse må vere så tydelege at dei kan danne grunnlag for sakshandsaminga. Normalt vil det være naudsynt med eit kart i format 1:50000 for generell oversikt og eit i 1:5000 for detaljert oversikt over den planlagde lokaliteten og eventuelle planlagde anlegg.

Søknaden skal innehalde opplysningar om eventuelle tiltak retta mot lokaliteten med tanke på å gjere han betre egna til føremålet, jf. bokstav d. Styresmaktane vil vere varsam med å tillate denne type tiltak og dersom tiltaka er ein føresetnad for søknaden, bør dette difor avklarast så tidleg som mogeleg.

Eit vesentleg moment ved tildeling vil vere om verksemda kan fjernast og miljøet i havbeiteområdet gjenopprettast så langt det er råd, her medrekna fjerning av havbeitedyr, anlegg og innretningar. Om naudsynt kan det også stillast krav om økonomisk garanti for at dette skal bli faktisk gjennomført, jf. §9. Opplysningar om dette må difor vere med i søknaden, jf. bokstav e.

Søkjaren må opplyse om evnen verksemda har til å drive forsvarleg både når det gjeld utsetting og gjenfangst og om økonomisk/ administrative sider ved drifta, jf. bokstav f. Kravet om driftsplan og opplysningar om tilgang på havbeitedyr, gjer at fiskeristyresmaktene kan vurdere om prosjektet synest realistisk.

Med miljøtilhøve meinast det i føresegna omtale av økosystem som lokaliteten og forventa influensområde verksemda befinner seg i, herunder djupn, hydrografiske tilhøve (vatnstraumar, temperatur, salinitet), sjøbotn, sedimentar og habitattypar, artssamansetjing, næringskjede og populasjonsgenetiske tilhøve for havbeitearten.

Bokstav h og i har å gjere med forholdet til andre interesser i området. Søkjaren må gje opplysningar om den planlagde drifta og om havbeiteområdet, samt ei rekkje andre tilhøve i samband med dette, jf. bokstav h.

Konfliktpotensiale verksemda har i høve til konkurrerande interesser er eit vesentleg moment ved tildeling. Søkjar må difor etter bokstav i gjere ei vurdering av om verksemda vil kome i konflikt med dei andre brukarinteressene i området. Dersom søkjar meiner at verksemda ikkje vil kome i konflikt med andre brukarinteresser skal han opplyse om dette. Eventuelle planlagde konfliktdempande tiltak bør òg takast med.

Til §7 Ufråvikelege vilkår

Regelen svarar til §3 andre ledd i havbeitelova og set skranke for høve til å tildele konsesjon ved fare for ulike skadeverknader på miljøet. Føremålet med regelen er mellom anna å ta omsyn til det biologiske mangfaldet og å sikre at bereevna i økosystemet er god nok til å oppretthalde eit fullgodt næringsgrunnlag for både dyr i havbeite og ville dyr.

Vidare skal regelen ta omsyn til risiko for spreiing av sjukdommar, medrekna smitte til andre havbeitelokalitetar, andre havbruksanlegg eller ville bestandar av akvatiske dyr. Det vert tilrådd at havbeiteverksemd vert lokalisert slik at ein tek dei naudsynte smitteførebyggjande omsyna som trengst i høve til nærliggande havbeiteverksemder, oppdrettsanlegg og viltlevande bestandar av akvatiske dyr. Avstand mellom akvakulturlokalitetar har ein positiv effekt mot sjukdomssmitte. Som grunnlag for fråsegn av Statens dyrehelsetilsyn - fylkesveterinæren om lokalisering av havbeiteverksemd vert det vist til eigne retningsliner fastsett av Statens dyrehelsetilsyn - Sentralforvaltninga.

Ikkje all fare for skadeverknader er omfatta. Kravet er at det må vere kvalifisert risiko for slike verknader. I praksis må det vurderast både kor omfattande ein mogeleg skadeverknad er, og kor sannsynleg det er at skaden vil skje. Vert skadeverknaden vurdert til å vere omfattande, krevst det mindre risiko for at skaden kan skje for at « fare » skal ligge føre. Ved mindre omfattande skadar krev ein at det er meir sannsynleg at skaden kan skje for at det skal liggje føre « fare » etter regelen. Avgjerda byggjer på eit breitt fagleg skjøn som omfattar kunnskap om arten, lokalt økosystem og sjukdomsmessige tilhøve for den utsette arten i området. Lokale tilhøve vil vere vesentlege for vurderinga til dømes dersom verksemda utgjer ein risiko for verneinteresser.

Ifølgje rapport frå Havforskingsinstituttet « Potensielle miljøkonsekvensar ved havbeite med kamskjel og hummar » går ein ut frå at hovudutfordringa med omsyn til miljøfølgjer vil liggje i førebyggjande tiltak for genetikk og sjukdom. Havforskingsinstituttet har mellom anna desse tilrådingane:

  • I utgangspunktet må havbeiteverksemd baserast på bruk av stadeigne stammar. På sikt vil detaljkunnskap om genetisk struktur kunne opne for bruk av regionale stammar.
  • Det må gjennomførast ei genetisk kartlegging av kamskjelbestandane i norske farvatn for klargjering av genetisk struktur/ graden av oppdeling i distinkte bestandar.
  • Eksisterande genetiske data om hummar og nye data om kamskjel må leggjast inn i ein marin genetisk database. Denne skal brukast som referanse i spørsmål knytt til krav om stadeigne stammar i havbeite. Dette er naudsynt for å evaluere fare for negative genetiske effektar på naturlege bestandar.
  • I samband med prøveprosjekt med hummar og kamskjel skal stammaterialet analyserast genetisk og data skal leggast inn i den marine genetiske databasen.

I andre ledd i føresegna er det påbod om at dyr som skal nyttast i havbeite må vere stadeigne. I dette ligg det at havbeitedyra må ha sitt opphav frå den lokale bestanden/ populasjonen i utsetjingsområdet. Dei geografiske områda som kan seiast å ha same populasjon dyr varierer sjølvsagt i storleik. Bakgrunnen for regelen er ovannemnte tilråding frå Havforskingsinstituttet. For å sikre viktige miljøomsyn som til dømes konsekvensar av genetisk interaksjon, vil havbeiteverksemd måtte nytte stadeigne artar. På bakgrunn av dagens kunnskap på området bør ein leggje til grunn eit føre-var-prinsipp i høve til miljøkonsekvensar av å setje ut dyr i havbeite.

Tiltak i tråd med tilrådingane til Havforskingsinstituttet vil vere viktige for å auke kunnskapsgrunnlaget for utøving av kravet om bruk av stadeigne havbeitedyr.

Havforskingsinstituttet peikar vidare i sin rapport på at hausting og fangst av kamskjel med skrape eller trål ikkje bør tillatast, då det vil innebere omfattande miljøkonsekvensar. I forskrifta er det teke omsyn til dette (sjå §28 og §29).

I rapporten vert det vidare konkludert med at det ikkje er fare for uheldig reduksjon av oksygen i botnmiljøet som følgje av havbeite og at det ikkje er fare for fortrenging av andre artar som følgje av konkurranse om levestad eller ved auka tettleik. Det kan imidlertid tenkjast at oksygen i botnmiljøet kan reduserast ved fôring. Område regulert til havbeite kan også vere med på å styrkje eller rehabilitere populasjonar som er svekte.

Søkjar skal kunne dokumentere miljøtilstanden på lokaliteten. Det er i dag ikkje etablert miljøparameter (sediment, bunndyrindikatorar, andre biologiske parameter) som kan brukast som relevant informasjon av miljøtilhøve i havbeiteområde, med sikte på å måle eventuelle effektar av verksemda. Krava til søkjar for å dokumentere miljøtilstanden må difor tilpassast dette og i første omgang vere eit krav om fotodokumentasjon og dokumentasjon av organisk innhald i bunnsediment av botntilhøva før verksemda blir sette i verk. Korleis denne dokumentasjonen skal gjennomførast (omfang, lokalisering, årstid etc.) vil bli endeleg avklart av fiskeristyresmaktene ved søknadshandsaminga. Sjå for øvrig merknaden til §6 bokstav f.

Til §8 Andre vilkår for tildeling

I regelen står kva for kriterium fiskeristyresmaktene skal leggje vekt på ved tildeling av havbeiteløyve. Føresegna fastset at ein ved tildeling av løyve skal gjere ei samla vurdering av dei samfunnsmessige nytte- og skadeverknadene det er grunn til å tru at verksemda vil få. Ulike konkrete vurderingstema er vidare opplista i bokstav a til c. Lista er ikkje meint å vere uttømande, men er moment som vil ha særleg vekt ved tildeling av løyve.

Til bokstav a
Det vil bli lagt vekt på om verksemda vil kunne vere med på å realisere potensialet i havbeitenæringa. I tillegg til å vurdere kvaliteten av det enkelte prosjektet vil ein til dømes kunne vurdere kor reelt det er at søkerselskapet og tilknytta verksemder kan vidareutviklast til gunst for næringa som heilskap.

Til bokstav b
Etter denne regelen skal det leggjast vekt på korleis verksemda vil verke inn på den økonomiske utviklinga i regionen og om verksemda vil verte integrert i anna næringsverksemd i området. Dersom tildeling vil styrkje planlagd verksemd, eller det er planar om utvikling av samarbeid med anna næringsverksemd som vil gje positive ringverknader i området, vil dette bli vurdert som eit positivt moment ved prioritering mellom søkjarane. Det skal ikkje leggjast vekt på lokal tilknyting hjå søkar.

Søkjaren står fritt til å sannsynleggjere kva positive ringverknader verksemda vil ha for regionen og korleis verksemda skal integrerast i regionen. Dette inneber at forretnings- og driftsplanar som til dømes viser kor mange arbeidsplassar som vert skapt og korleis anna næringsverksemd i området vert styrkt o.a., skal leggjast vekt på ved tildelinga.

Med region meiner ein eit geografisk avgrensa område som utgjer ei naturleg eining til dømes i driftsøkonomisk samanhang. Dette vil typisk vere ein kommune, men også delar av ein kommune vil kunne sjåast på som ein region. Når nemninga « region » er vald, er dette også for å kunne ta med verknader ut over kommunegrensene der dette er naturleg. Langs kysten er det mange små kommunar der det kan være rett å sjå fleire av dei i samanheng som ein region. Til dømes kan to nabokommunar med same problem som arbeidsløyse og fråflytting sjåast som ein region.

Til bokstav c
Eit vesentleg moment ved vurdering av samfunnsmessige nytte- og skadeverknader vil vere om, og i kva grad, etablering av den omsøkte verksemda vil kunne avgrense utøving av allemannsretten. Vurderinga føreset ei avveging av positive og negative verknader. Dette inneber at visse skadeverknader kan aksepterast dersom desse vert oppvegde av dei positive verknadene av verksemda. Ved val og vurderingar av havbeiteområde bør det leggjast vekt på at områda er så konfliktfattige som mogleg. Ein bør unngå lokalisering av havbeiteverksemd i områder som er viktige for mellom anna tradisjonelt fiskeri og fritidsaktivitetar dersom dette skaper konflikt mellom dei ulike brukarane.

Til §9 Økonomisk garanti

Regelen gjev fiskeristyresmaktene heimel til å krevje økonomisk tryggleik i form av til dømes ein bankgaranti dersom dette blir vurdert som naudsynt for å sikre at opprydding av verksemda verkeleg kan gjennomførast - dersom dette er ynskjeleg eller naudsynt når verksemda vert avslutta, jf. forskrifta §33. Regelen har heimel i havbeitelova §7 andre ledd og er såleis avgrensa av det omfanget oppryddingsplikta til ei kvar tid har. Lova seier at oppryddingsplikta gjeld så langt det er « mogeleg », og det er presisert i forarbeida (Ot.prp.nr.63 (1999-2000)) at det er meint det som er praktisk, ikkje fysisk mogeleg. På den andre sida gjeld oppryddingsplikta heile « området », og er altså ikkje avgrensa til lokalitet. Det vert ei konkret vurdering om opprydingsplikta skal omfatte gjenfangst av friske havbeitedyr.

Om og i kva grad økonomisk tryggleik skal krevjast må vere ei konkret vurdering som vert fastsett i det enkelte løyve.

Havbeitenæringa er ei næring i startfasen. Det må difor takast omsyn til at dei økonomiske krava ikkje vert for tyngjande, slik at det vert uråd å starte opp verksemda. Miljøomsyn gjer det likevel naudsynt for styresmaktene å sikre at opprydding kan skje.

Om og i kva grad slik garanti skal krevjast, vil avhenge av dei lokale tilhøva og området havbeiteløyvet er søkt lagt til halde saman med driftsplan. Garantien skal syte for at anlegg og innretningar blir fjerna frå lokaliteten ved avvikling av verksemda uavhengig av løyveinnehaver sin økonomi på tidspunktet for avvikling. Garantien vil brukast dersom fjerning av desse vil vere så kostbart at det vurderast som naudsynt å sikre gjenoppretting. Storleiken på garantien skal då tilsvare berekna kostnad ved fjerning av anlegg og innretningar. Anlegg og innretningar som vil vere mindre kostnadskrevjande å fjerne vil det ikkje vere aktuelt å krevje garanti for.

Storleiken på garantien skal vere nok til å sikre ei fullgod opprydding og vil difor variere etter kva driftsmåtar og omfang verksemda har. Dette vil vere ei konkret vurdering av mellom anna det ein trur oppryddinga vil koste, fare for eventuelle skadar og storleiken på desse.

Regelen er i forskrifta plassert saman med reglane om tildeling av løyve, då spørsmålet om økonomisk tryggleik vil bli vurdert i samband med tildelinga. Vurdering av om en garanti bør krevjast og eventuelt omfang av garantien kan også vere aktuelt å gjere etter at løyve er gjeve, til dømes dersom endringar i produksjonstilhøve gjer behovet for tryggleik større.

Plikta konsesjonshavar har til å gjenopprette miljøtilhøva i området gjeld uavhengig av om det er stilt økonomisk garanti for oppryddinga. Slik garanti sikrar at oppryddinga kan gjennomførast i tilfelle der økonomien elles kunne sett grenser.

Til §10 Særskilt løyve til fôring og andre tiltak

Det må søkjast særskilt om løyve til fôring og andre tiltak. Dette kjem i tillegg til løyve som gjev rett til å setje ut og gjenfange havbeitedyra. Tildeling av særskilt løyve kan skje samstundes med at søknad om havbeite vert gjeven eller seinare, avhengig av kva den omsøkte verksemda treng.

Utgangspunktet er at havbeitedyra skal kunne ha nok næringstilgang på lokaliteten. Det skal såleis normalt ikkje vere naudsynt å fôre dei. Det vil likevel i periodar kunne vere viktig å tilføre lokaliteten næring på kunstig vis. I så fall må det søkjast særskilt om dette og søknaden vert handsama av fiskeristyresmaktene. Kvart tilfelle må vurderast konkret, der nytten av fôring må sjåast i høve til eventuelle ulemper.

Fôringsløyve etter §10 kjem ikkje i staden for andre løyve som krevst av andre styresmakter. Innehavar av løyve vil framleis ha plikt til å innhente utsleppsløyve frå miljøstyresmaktene og eventuelle andre løyve som trengst. Løyve til fôring kjem såleis i tillegg til utsleppsløyve og bakgrunnen for dette er at disse to løyva har delvis forskjellige formål. Krav om løyve til fôring skal sørge for kontroll med fôret som blir gitt til dyra i tillegg til fôret sin eventuelle verknad på miljøet.

Omsynet til livet i havet vil ofte vere den viktigaste avgrensinga for fiskeristyresmaktene ved handsaming av fôringssøknad. Dersom ein søkjar har fått utsleppsløyve frå miljøstyresmaktene vil vedkomande normalt ha gode sjansar til også å få fôringsløyve.

Fôringsløyve vert likevel ikkje fullt ut overlappa av utsleppsløyve. Dei omsyna fiskeriforvaltninga skal ta, kan i nokre tilfelle tilseie mindre høve til fôring enn det som krevst ut frå reine miljøomsyn. Det er difor naudsynt at også fiskeristyresmaktene vurderer om eventuell fôring er forsvarleg.

Omgrepet « andre tiltak » er teke med i forskrifta for å sikre at også andre inngrep i drifta krev løyve frå styresmaktene sjølv om det ikkje språkleg sett kan seiast å vere fôring. Dette vil kunne vere gjødsling eller andre tiltak ein vil nytte i framtida . Føresegna regulerer ikkje bruk av anlegg og innretningar. §30 regulerer bruken av dette og styresmaktene fastset vilkår om dette i det enkelte løyve. Veterinærmessig handsaming fell utanfor omgrepet og vert regulert av anna lovgjeving. Ein ser det som lite aktuelt å bruke lækjemiddel og kjemikaliar i havbeiteverksemd då verksemda går føre seg på havbotnen. Dersom slik løyve likevel vert gjeve skal dette journalførast. Det same gjeld bruk av slike middel. Eventuell bruk av lækjemiddel vil skje på stadiet før dyra vert utsette i havbeite.

Siste punktum i forskrifta nemner sjukdomsfaglege tilhøve særskilt ved søknad om løyve til fôring og andre tiltak. Særskilt løyve til fôring og andre tiltak må vurderast ut frå sjukdomsomsyn i samråd med Statens dyrehelsetilsyn - fylkesveterinæren.

Til §11 Tidsavgrensing av løyvet

Løyve til havbeite vert gjeve for eit nærare fastsett tidsrom. Som før nemnt er næringa i ein startfase og det vil difor være tenleg å evaluere det enkelte løyvet etter ei tid. Auka kompetanse om verksemda kan mellom anna kan krevje at andre vilkår vert fastsette i løyve. Tidsrommet vert avgjort ut frå ei totalvurdering av rettshavaren sine økonomiske interesser og behovet for ei ny evaluering av korleis det aktuelle området bør nyttast. Tidsrommet må vere langt nok til at verksemda kan gjennomføre ein produksjonssyklus og gjenfange utsette organismar på ein lønsam måte, samstundes som avgrensinga også må ta omsyn til alternative brukarinteresser, miljø mv.

Det er teke med ei tilvising om at det må søkjast om eventuell forlenging seinast 6 månader før løyvet går ut. Dette er gjort for å sikre at forvaltninga skal ha rimeleg tid til å handsame ein ny søknad om forlenging før det gamle løyvet fell bort. Løyveinnehavar kan òg sende søknad før dette og såleis forvisse seg om at løyvet blir forlenga før nye havbeitedyr vert sett ut.

Til §12 Krav til lokalitet

Havforskingsinstituttet går ut frå at eit havbeiteområde med kamskjel vil vere på mellom 100-500 mål. Kva som er eit passande areal for havbeite med hummar vil variere.

Storleiken vert fastsett konkret for det einskilde løyvet etter restriktiv praksis. Det avgjerande vil vere ei totalvurdering av kor mykje areal søkjaren treng og omsynet til tradisjonelt fiskeri og andre brukarinteresser. Det vil bli ført ein restriktiv praksis der innehavar av løyvet ikkje vil få større areal enn det produksjonsevna tilseier. Det vil berre bli tildelt løyve tilpassa eit realistisk driftsopplegg. Ei vurdering av trongen vil liggje til grunn for omfanget av areal som vert tildelt, medrekna tilgangen løyveinnehavar har på organismar for utsett.

Til §13 Overføring og retildeling

Fyrste ledd tilsvarar §8, fyrste og andre ledd i havbeitelova. Løyve til havbeite kan ikkje overførast, og årsaka til dette er at havbeiteverksemd krev særskilt kompetanse for å sikre ei miljømessig og sjukdomsmessig forsvarleg drift. Det er naudsynt med ein offentleg kontroll av kven som driv verksemda for å sikre at ho vert drive i samsvar med dei gjeldande vilkåra, som mellom anna skal sikre omsynet til miljø og allemannsretten.

Fyrste ledd fastsett vidare at løyvet kan pantsetjast. Høvet til pantsetjing er ei særordning for havbeite i høve til andre offentlege løyve i fiskerisektoren. Fiskeristyresmaktene ynskjer å opne for dette fordi det kan vere naudsynt for løyveinnehavar for å finansiere verksemda. Særleg er dette aktuelt i byrjinga når næringa er ny for eventuelle investorar.

Dei tre siste ledda i føresegna regulerer forhold når det oppstår ein konkurssituasjon hjå løyveinnehavar. Konkursbuet kan ikkje tre inn i løyve og rå over dette, jf. fyrste ledd. Fiskeristyresmaktene skal trekkje tilbake løyve etter havbeitelova §9, fyrste ledd når det opnast konkurs. Ein konkurssituasjon hjå løyveinnehavar må reknast som eit omstende som medfører at føresetnadene som ligg til grunn for løyve vert vesentleg endra.

Føresegna regulerer vidare at konkursbuet kan få eit mellombels løyve til drift av debitor si verksemd for inntil eit år. Fiskeristyresmaktene skal gje eit slikt mellombels løyve såframt buet oppfyller dei generelle krava som setjast til løyveinnehavar av slik verksemd. Fiskeristyresmaktene skal gje mellombels løyve såframt søkar kan dokumentere at drift av verksemda vil skje i regi av kompetent driftsansvarleg, og at forvaltinga finn det sannsynleg at drifta vil skje i samsvar med reglane gjeve i eller i medhold av havbeitelova. Omsynet til at lønsam drift av debitor si verksemd under konkurshandsaminga vil auke dekninga av krav frå kreditorane, medførar at fiskeristyresmaktene bør søkje å gje slike løyve i den grad dette er driftsmessig forsvarleg.

Fiskeristyresmaktene pliktar å handsame fullstendig søknad om mellombels løyve utan ugrunna opphald. Årsaka er å syte for at debitor si verksemd ikkje vert utsatt for eit langt driftsavbrott.

Om buet ikkje sørgjer for naudsynt løyve vil vidare drift vere ulovleg. I eit slikt tilfelle vil fiskeristyresmaktene kunne gje pålegg om opphør av verksemda og fjerning av anlegg, innretningar og havbeitedyr, samt fastsette tvangsmulkt om fristane oversitjast.

Mellombels løyve er føresett gjeve for maksimalt eitt år. Den generelle dispensasjonsregelen i §38 i forskrifta kan likevel nyttast i særlege høve. Eit aktuelt grunnlag å dispensere frå fristen på kan vere at den som vert innstilt av buet ikkje vert godkjent av fiskeristyresmaktene og at det såleis er naudsynt å forlenge tida for å finne ein annan.

Siste ledd fastset at den konkursbuet innstiller har stor grad av tryggleik for å få retildelt debitor sitt løyve såframt denne oppfyllar dei generelle krava som setjast til løyveinnehavar av slik verksemd, jf. tilsvarande i merknad om løyve til mellombels drift. På denne måten gjev fiskeriforvaltninga tryggleik for at den verdien som ligg i løyvet tilffell buet og kan tene til dekning av krav frå kreditorane. Føresegna vil dermed gje ein eventuell panthavar, jf. fyrste ledd, tryggleik for sitt pantekrav og såleis vere med på å betre kredittilgongen til næringa. Ein pantehavar kan ikkje realisere pantet utanom konkurssituasjonen, jf. forbodet mot overføring i forskrifta sitt fyrste ledd. Ved å innføre ei ordning om retildeling av løyve ved konkurs vil likevel ein panthavar kunne få dekning for sitt krav innanfor dei rammene som følgjer av denne forskrifta.

Til kapittel III Etablering og drift

Til §14 Allmenne krav til etablering og drift

Ein ynskjer å presisere at det ikkje er nok at vilkåra i havbeitelova §3 er oppfylt ved etableringa, men at dei også må vere oppfylt i driftsfasen. Dette går for så vidt fram av §9 i lova, men for å unngå mistydingar vert det også klargjort i forskrifta.

Det vert vidare sett krav om at verksemda skal vere teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg. Det vil altså kunne tenkjast at utøvaren har plikt til å gjere eller avstå frå ei fastsett handling, på grunn av kravet til forsvarleg verksemd. Dette gjeld sjølv om påbodet/ forbodet ikkje går utrykkeleg fram av løyvet eller av lover og føresegner.

Til §15 Kompetanse

Med denne føresegna ynskjer ein å sikre seg at den som har ansvaret for den daglege drifta har faglege kvalifikasjonar for å drive slik verksemd. Dei akvakulturfaglege kvalifikasjonane som krevst vil i byrjinga vere et minimumskrav om at dei kvalifikasjonane som må vere oppfylt ved etablering og drift av akvakulturanlegg etter oppdrettslova skal gjelde, inntil det blir etablert eigne kurs for havbeiteverksemd.

Til §16 Driftsplan

Denne regelen stiller krav til innehavar av løyve om å planleggje neste års drift på dei lokalitetane som er godkjende, og å sende inn denne planen til godkjenning hjå fiskeristyresmaktene. Driftsplan skal sendast styresmaktene innan 1. oktober året føre dei to kalenderåra planen skal gjelde for. Dette skal gjerast kvart år. I praksis vil styresmaktene godkjenne planen for første året, medan andre året vert teke til etterretning. Styresmaktene har trong for å vurdere verksemda i eit lengre perspektiv enn berre eitt år om gongen. Samstundes kan innehavar av løyve tilpasse planen for år nummer to i høve til neste godkjenning.

Krav om driftsplanar har lenge vore praktisert i oppdrettsnæringa. Slike planar er relevante også for havbeiteverksemder, og skal godkjennast av fiskeristyresmaktene etter samråd med Statens dyrehelsetilsyn - fylkesveterinæren. Dette vil mellom anna vere viktig for å sikre samordna bruk av lokalitetar i eit område. Vidare er grunngjevinga for regelen at fiskeristyresmaktene heile tida skal ha oversikt over og kontroll med verksemda i sitt distrikt m.a. med tanke på sjukdom, algeåtak, oljeutslepp eller liknande som kan trenge særskilde tiltak. Tilsvarande krav gjeld for vanleg oppdrettsverksemd, og for fiskeristyresmaktene har det mykje å seie å ha eit godt bilete av all verksemd innafor ein region.

I høve til tredje ledd i denne forskrifta vil det også kunne vere naturleg at fiskeristyresmaktene vurderer driftsplanar i samråd med andre styresmakter enn veterinærstyresmaktene, til dømes miljøstyresmaktene.

Når det gjeld havbeite, er det særs viktig for fiskeristyresmaktene å ha kontroll over bruken av områda sett på bakgrunn av at ein ynskjer at havbeiteområde, i langt større grad enn eit område med tradisjonell oppdrettsverksemd, skal vere fleirbruksområde. På grunn av dette er det viktig at løyveinnehavar ikkje endrar den oppsette driftsplanen utan at dette er søkt om og godkjent av fiskeristyresmaktene.

Til §17 Melding om driftsoppstart og -stopp

Regelen har nær samanhang med §34 i forskrifta om tilbaketrekking av løyve som fylgje av manglande etablering eller manglande drift. Regelen trengst for å gjere §34 effektiv, og må også sjåast i samanhang med krav om driftsplanar i §16. Det må fastsetjast rutinar for vidare rapportering frå fiskeristyresmaktene og til fylkesveterinær/ distriktsveterinær.

Tidspunkt for driftsoppstart vil vere når det fyrste gong vert sett ut dyr eller installasjonar på lokaliteten.

Driftsavslutting forstår ein mest naturleg som det at løyveinnehavar stoggar verksemda si heilt i høve til det som er fastsett i driftsplanen. Reduksjon i verksemda er ikkje å rekne som driftsavslutting, men alle endringar i høve til driftsplanen skal etter forskrifta §16 meldast til fiskeristyresmaktene. Så lenge den som driv verksemda har løyve, gjeld alltid alle dei plikter som følgjer av lov, føresegner og løyvet. Ei eventuell måleplikt vil såleis gjelde fullt ut så lenge løyvet eksisterer, jf. §19.

Til §18 Tilsynsplikt

Føresegna fastset at løyveinnehavar skal føre jamnleg kontroll med verksemda. Med jamnleg kontroll meinast at kontrollane gjennomførast så ofte at eigar har høve til å oppdage auka daudsrate og andre vesentlege unormale forhold. Det er viktig at det vert etablert gode rutinar som gjev oversikt over havbeiteverksemda. Innhaldet av tilsynsplikta følgjer mellom anna av reglane om måle- og journalføringsplikt i §19 og §20 i forskrifta. Forskrifta fastset også at det kan trengast meir tilsyn i det individuelle tilfellet utover desse pliktene. Det er såleis føremålstenleg å kunne fastsetje reglar om tilsyn også i det enkelte løyve.

Til §19 Måleplikt

Regelen må sjåast som ein del av tilsynsplikta i §18. Måling av individ av utsette artar vil såleis vere ein måte å halde kontroll med verksemda på. Målingane vil til ein viss grad gje indikasjonar på vekst, helse, tettleik mv. i området. Det er difor føremålstenleg at slike målingar vert gjort, jf. også §20 i om journalføring. Det nærare innhaldet i plikta vil avhenge av omstenda i det enkelte løyve, og er vanskeleg å fastsetje i ei generell føresegn. I eit stort havbeiteområde vil det til dømes kunne påleggast ei meir omfattande plikt enn det som vert gjort i eit mindre.

Til §20 Journalføring

Det er sett inn som ålment krav at løyveinnehavar skal ha oversikt over havbeiteverksemda, i staden for å spesifisere ei rekkje enkeltområde i innleiinga til regelen. Dei følgjande ledda spesifiserer meir nøye kva som skal journalførast. Denne opplistinga er berre minstekrav, og er ikkje til hinder for at innehavar av løyve tek inn meir omfattande opplysningar i journalen.

Styresmaktene kan også påleggje løyveinnehavar å journalføre spesifikke opplysningar på bakgrunn av konkrete tilhøve ved den enkelte søknaden.

Eit viktig omsyn bak reglane om journalføringsplikta er å skaffe fram dokumentasjon av tilhøvet mellom utsette individ og gjenfangst, samt daudsrate. Slike opplysningar vil kunne gje indikasjon på om drifta er forsvarleg, eller om det eventuelt er grunnlag for å vurdere endring eller tilbakekall av løyve, jf. havbeitelova §9.

Til §21 Rapporteringsplikt ved sjukdom

Det vert vist til dei føresegner som står i matlova §14. Ei presisering av rapporteringsplikta i forskrifta vert gjort av informasjonsgrunnar.

Til §22 Tettleik av havbeitedyr

Havbeitedyra vil naturleg regulere tettleiken sjølv. Tettleiken i havbeitelokalitetar vil dermed best regulerast gjennom kor mange individ som vert sett ut. Det vil difor normalt ikkje vere grunn til å regulere tettleiken i havbeitelokalitetar. Regelen er likevel sett som ein tryggingsventil for å ivareta dyreverns- og smitteomsyn. For havbeitedyr som vert regulert av denne forskrifta vil krav om maksimal tettleik vere mest aktuelt for hummar.

Til §23 Uttak av avlsmateriale til bruk i akvakulturverksemd

Regelen har sitt utspring i forskrift av 4. juli 1991 nr. 509 om forebygging, begrensing og utrydding av sykdommer hos akvatiske organismer §6. Same krav gjeld også ved drift av oppdrettsanlegg. Ein har ut frå omsyn til smittevern funne grunn til at dette kravet også må gjelde ved havbeiteverksemd.

Til §24 Førebygging og motverking av sjukdom

Ved utbrot av sjukdom kan det vere behov for å brakklegging. Statens dyrehelsetilsyn - fylkesveterinæren avgjer når nye havbeitedyr kan setjast ut.

Til §25 Omsetting og flytting av havbeitedyr

Regelen er teke inn i føresegna inntil den nye forskrifta om omsetning vert vedteke.

Til §26 Merking av havbeitedyr

Føresegna fastset at det kan stillast krav i det enkelte løyve om merking av havbeitedyra både i samband med utsetjing og ved hausting. Det vil vere ulike omsyn som ligg føre for å merke havbeitedyra i samband med utsetting og i samband med hausting.

Det er vanskeleg å sjå for seg eit generelt krav til merking av alle havbeitedyr som skal setjast ut på havbeite i dag. Næringa vil vere i ei oppbyggingsfase med knappe økonomiske marginar. I denne oppbyggingsfasen vil det likevel vere viktig å gjennomføre større utsett der merking inngår. Dette vil mellom anna gje meir sikre data for vurdering av resultat og framtidig potensial. I tillegg vil ei framtidig utvikling kunne avdekkje andre behov for at det kan vere ynskjeleg å kunne skilje dei utsette dyra frå dyra som naturleg finst på lokaliteten.

Det kan vidare vere ynskjeleg å individmerke havbeitedyr på haustingstidspunktet for levering. Dette for å søkje å få kontroll med eventuell illegal verksemd. Ei slik merking kan vere eit viktig verktøy om innehavar av havbeiteløyvet får løyve til å hauste dyra etter andre reglar enn det som vil gjelde for fangst av ville bestandar etter saltvannsfiskeloven til dømes. Eit døme er fangsting av hummar før den har nådd minstemål. Slik merking er påkrevd og gjennomførast i dag i fleire andre land.

Til §27 Anlegg og innretningar

Til no har røynslene vist at dei positive resultata ved utsett av kamskjel kjem når kamskjella vert verna mot predatorar ved bruk av gjerde på havbotnen. Storleiken på dei utsette skjela har likevel mykje å seie. Utan gjerde må ein setje ut store skjel (som har vore i mellomkultur).

Når det gjeld hummar, går ein ut frå at innretningar til vern mot predatorar ikkje er like aktuelt som ved havbeite med kamskjel. Derimot kan det vere aktuelt med kunstige innretningar for å « skreddarsy » eit område slik at oppvekstvilkåra der vert optimale.

Generelt kan ein rekne med at næringsaktørane på bakgrunn av økonomiske vurderingar vil søkje i områder som treng minst mogleg grad av habitatforbetringar.

Fiskeristyresmaktene vil i utgangspunktet vere varsame med kva anlegg/ innretningar som kan tillatast, dei må t.d. ikkje kunne tenkjast å ha negativ verknad på miljøet. Dette vil m.a. seie at organismar ikkje set seg fast i innretningane, at de ikkje medførar sedimentopphopning og at det ikkje er likegyldig kva materiale/ stoff eit anlegg er bygt av.

For fiskeristyresmaktene er det ynskjeleg at eit havbeiteområde så langt det er råd kan førast tilbake slik det var ved avslutting av havbeiteverksemda. Difor kan det ikkje påreknast at det vert gjeve løyve til anlegg eller innretningar som det er vanskeleg å fjerne. Søknader om løyve til å bruke anlegg/ innretningar som det vil vere kostbart eller vanskeleg å fjerne vil føre til at det vert stilt krav om økonomisk garanti, jf. forskrifta §9.

Til §28 Merking av lokalitet

Korleis ein havbeitelokalitet skal merkast blir fastsett av fiskeristyresmaktene i det enkelte løyvet. Avgjerda skal baserast på Kystverkets sakshandsaming etter havne- og farvannsloven.

Det er normalt ikkje trong for å merke havbeiteområde på same måte som tradisjonell oppdrettsverksemd, mellom anna fordi eit oppdrettsanlegg ligg i vassoverflata og såleis kan vere til stor fare for båttrafikk og liknande, dersom det ikkje er tydeleg merka.

I forhold til havbeiteverksemd vil behovet for merking vere knytt til at omgjevnadane blir gjort merksam på at det i eit området gjeld særlege reglar for bruk og utnytting, og såleis at reglane i §30 vert overhaldne. Behovet for merking vil såleis variere. Til dømes vil ein i eit fleirbruksområde, der innbyggarane nyttar området til fritidsaktivitetar som dykking, fiske osv. vil i større grad ha behov for merking enn i eit område med liten aktivitet.

Merking av eit havbeiteområde kan til dømes skje ved at lokalitet merkast med flagg, bøyer eller liknande i ytterkanten av lokaliteten.

Elles skal lokalitet innteiknast/ avmerkast på sjøkart og elles ha så god notoritet som råd, mellom anna ved kunngjering via Fiskeridirektoratet sitt J-meldingssystem.

Idet havbeiteverksemd er føresett å skulle ha ei forsiktig utvikling og i byrjinga utviklast med utgangspunkt i eit avgrensa tal løyver, aukar dette høvet til å halde oversikt over områder som nyttast eller skal nyttast til havbeite.

Løyveinnehavar kan òg søkje om å merke lokaliteten utover det som blir pålagt i løyve. Fiskeristyresmaktene skal i samråd med Kystverket avgjere slik søknad.

Kapittel IV Bruk og utnytting av lokalitet

Til §29 Gjenfangst

Regelen har heimel i §6 i havbeitelova og fastset at innehavar av løyve har eksklusiv gjenfangstrett til den utsette arten i høve til utøvarar av allemannsretten. Gjenfangstretten omfattar såleis både utsette og ville dyr av arten det er gjeve løyve til. Den eksklusive retten omfattar berre den utsette arten og omfattar såleis ikkje fiske etter andre artar eller annan bruk og utnytting.

Gjenfangsten skal vidare skje på ein slik måte at den er minst mogeleg til skade for ville bestandar. Dette er teke med for å sikre at havbeiteverksemda skal skje på ein miljømessig forsvarleg måte som ikkje reduserer sjansane for fangst av ville bestandar i området. Bakgrunnen for forbodet mot bruk av botnskrape og botntrål i fyrste ledd, siste punktum, er Havforskingsinstituttet si tilråding i rapporten « Potensielle miljøkonsekvensar ved havbeite med kamskjel og hummar ».

I andre ledd av regelen vert det fastsett at innehavar av løyve ikkje kan drive fangst i lokalitet før det er sett ut havbeitedyr. Etter havbeitelova er det ikkje absolutt naudsynt å setje ut havbeitedyr for å kunne drive gjenfangst. Det er likevel ikkje ynskjeleg å gje ein eksklusiv rett til gjenfangst med mindre innehavar av løyvet sjølv hjelper til med foredling av organismane. Det er, etter det Fiskeridepartementet kjenner til, ikkje nokon aktørar i dag som har planar for havbeite utan sjølv å setje ut organismar. Regelen er difor forma slik for å hindre at nokon får ein eksklusiv fangstrett til ville bestandar utan òg sjølv ha ein plikt til aktivitet.

I siste ledd står at det kan fastsetjast nærare reglar om gjenfangst av den utsette arten og fangst av predatorar i løyvet uavhengig av anna fiskerilovgjeving, jf. havbeitelova §6, tredje ledd. Bakgrunnen for regelen er at verksemda elles ville blitt regulert etter saltvannsfiskelova. Havbeiteverksemd kan ha behov for andre reguleringar av fangstinga enn reglane i eller i medhald av saltvannsfiskelova.

Til §30 Anna bruk og utnytting

Regelen regulerer i fyrste rekke andre aktivitetar i lokaliteten enn dei som er ledd i havbeiteverksemda. Forskrifta vil imidlertid også gjelde for innehavar av havbeiteløyve.

Lokaliteten er eit geografisk avgrensa område der innehavar av løyve til havbeite har eksklusiv rett til gjenfangst etter den utsette arten. Bakgrunnen for regelen er å verne gjenfangstretten, samstundes som det er ynskjeleg at andre interesser ikkje vert avgrensa meir enn naudsynt.

Det kan ikkje gå føre seg aktivitetar i lokaliteten som kan vere til skade for dyra eller til hinder for gjenfangsten. Det er opp til den einskilde å syte for at eventuelle aktivitetar ikkje kan vere til skade for gjenfangstretten. Alle som utøver aktivitet i sjøen plikter å kjenne til kva slag reguleringar som gjeld i området. Dette blir regulert i lov, sentrale og lokale føresegner og gjennom merking. For eksempel vil ein fisker måtte orientere seg om kva redskap som kan brukast i det aktuelle området og når det kan brukast. Dette blir opplyst gjennom lokale føresegner. For andre aktivitetar kan merking av lokaliteten vere naudsynt av omsyn til den enkelte bruker. Ein går likevel ut frå at vanleg friluftsliv og ferdsle vil kunne skje utan avgrensingar, med unnatak av bruk av anker over lokaliteten og tømming av septiktank frå båt.

I tillegg til den ålmenne regelen er det fastsett ein del aktivitetar som i alle høve er forbodne i lokaliteten dersom dei ikkje er ein del av havbeiteverksemda. Forbodet mot bruk av visse fangstreiskap er basert på ei vurdering av kva aktivitetar fiskeriforvaltninga ser for å vere i strid med gjenfangstretten. Dette er likevel ikkje til hinder for at aktivitetar som ikkje er på lista likevel er forbodne etter den ålmenne regelen i fyrste ledd.

Opplistinga av aktivitetar har bakgrunn i Havforskingsinstituttet sin rapport « Mogelege begrensningar i allemannsretten ved havbeite med kamskjel og hummar ».

Kapittel V Tilbaketrekking og avvikling

Til §31 Oppryddingsplikt

Forskrifta tilsvarer havbeitelova §7, fyrste ledd. Innehavar av løyvet pliktar å gjenopprette miljøtilhøva i lokalitet og eventuelle områder utanfor ved avvikling av verksemda. Dette er ei plikt for innehavar av løyve som skal sørgje for at det ikkje er restar av verksemda i området ved opphør av drifta. Dette vil innebere fjerning av anlegg og innretningar så vel som havbeitedyr. Det er ikkje eit vilkår at miljøet er skada for at oppryddingsplikta skal gjelde. Det er tilstrekkelig at det ligg føre eit avvik mellom situasjonen før og etter at havbeiteverksemda har vore driven i området. Dersom det i strid med lov om havbeite og denne forskrifta oppstår skadeverknader på miljøet vil i tillegg tvangsmiddel og straff som nevnt i kapittel VI kunne brukast.

Plikta er avgrensa til det som er « mogeleg ». Dette skal forståast som kva som er praktisk mogeleg. Omfanget av plikta skal vurderast i det einskilde tilfellet, der ein må sjå på mellom anna kostnadane ved opprettinga i forhold til den skade eller ulempe restane av verksemda representerer for miljøet eller andre interesser i området. Det er likevel ikkje eit krav om at det skal liggje føre ein skade for at plikta blir aktualisert. I alle høve skal anlegg og innretningar i lokaliteten alltid fjernast fullstendig.

Det må vurderast i det enkelte tilfelle om oppryddingsplikta treng gjelde for friske utsette dyr. Eksempelvis er hummar i dag redusert i forhold til det som kan kallast ein berekraftig bestandsstorleik. I den grad det ikkje vil forårsake miljømessige, sjukdomsmessige eller økologiske problem vil det såleis vere lite formålstenleg at innehavar av løyve vert forplikta til å gjenfange den utsette art i alle høve.

Til §32 Tilbaketrekking og endring

Føresegna viser til havbeitelova §9.

Bakgrunnen for regelen er at eit areal som ikkje er i bruk, eller berre er nytta i eit avgrensa omfang, bør ku 0Merknadene endra 15 sep 2004, jf. e-post frå Fiskeridep. Merknadene er ikkje endra i samsvar med endringane i forskrift 22 des 2004 nr. 1801.