Driftsplanar for akvakulturverksemd

Driftsplanar for dei neste to kalenderåra må sendast inn innan 1. oktober kvart år.

Akvakulturanlegg i sjøvatn for matfisk og stamfisk har krav om å ha ein godkjend driftsplan. Kravet gjeld ved oppdrett av laks, aure, regnbogeaure og torsk

Driftsplansøknad og veiledning til å søkje

Viktige punkt ved utfylling av driftsplansøknaden:

  1. Det skal sendast inn separate driftsplansøknader for kvart selskap (organisasjons nr.)
    Denne regelen gjeld ikkje ved samdrift, då er det eitt av selskapa som skal sende inn ein felles driftsplan. Deltakarane i samdrifta er solidarisk ansvarlege for søknaden. 
  2. Ved samlokalisering er det berre eins eigen bruk av lokaliteten som skal vere med i søknaden. Driftsplanen skal derfor ikkje inkludere utsett og flytting av fisk som tilhøyrer andre deltakarar i den samlokaliserte drifta ved lokaliteten.
  3. Alle godkjende lokalitetar for kvart organisasjonsnummer må vere med i søknaden, også lokalitetar der det ikkje er planlagt drift i denne toårsperioden.
  4. Driftsplanen skal vise kva for løyve som vert drifta på kvar enkelt lokalitet. Søknadsskjemaet hentar automatisk alle løyve som er knytt til ein lokalitet, slik dette er registrert i Akvakulturregisteret. Du må svare på om du vil bruke alle løyva i denne driftsplanperioden og, dersom eitt eller fleire løyve skal utelatast, redigere lista slik at ho stemmer med utsettet.
  5. Driftsplanar som gjeld stamfisk skal sendast inn som separate søknader frå kvart selskap (kvart organisasjonsnummer) med stamfiskløyve.
  6. For løyve som gjeld akvakultur til særlege formål, må driftsplansøknaden også inkludere utsettstal knytt til kvart enkelt løyve.
  7. Alle månadene i planen må vere utfylt med data. Periodar utan drift på ein lokalitet skal førast i søknadsskjemaet som brakklagt.
  8. Tidspunkt for utsett, utslakt og tidsrom for brakklegging på lokaliteten må vere rett.
  9. Art og talet på fisk som vert sett ut må vere rett.Dersom det ikkje er avklart kva artar av reinsefisk som skal nyttast, kan du legge inn denne fisken som «reinsefisk» i søknadsskjemaet.
  10. Der det er planlagt å flytte fisk mellom to lokalitetar som inngår i den same driftsplanen, treng du ikkje å legge inn flyttinga som eit utsett på lokaliteten fisken blir flytta til. Om du i driftsperioden skal flytte fisk frå ditt selskap til eit anna selskap, må du hugse å leggje inn organisasjonsnummeret til mottakaren av fisken.
  11. Ved utsett av reinsefisk må du bruke datofeltet «flyttedato» for å vise kor lenge fisken skal stå på lokaliteten. Denne flyttedatoen viser til datoen reinsefisken blir fjerna frå lokaliteten, uavhengig av om denne fisken blir slakta, destruert eller flytta. Om driftsplansøknaden ikkje inneheld flyttedato for reinsefisken, vil det bli tolka som at fisken blir verande på lokaliteten i brakkleggingsperioden.