Legemiddelkampanjen

Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene gjennom sine internkontrollsystem sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel.

Erfaringane frå tilsynskampanjen har vi summert opp i ein eigen rapport. (lenke til rapporten).

Tilsynskampanjen avdekte samla sett eit relativt stort tal avvik, noko som viser at det var viktig å sette miljøpåverknad frå legemiddel som eit prioritert område for tilsyn i 2020.

Fiskeridirektoratet har gjennom tilsyna formidla ut våre forventingar til næringa når det gjeld bruk og utslepp av legemiddel. Verksemdene som har hatt tilsyn har på si side gjennomført forbetringar som skal sørgje for at regelverket blir etterlevd, og vi vurderer at tilsyna har fungert etter hensikta og hatt god effekt.

Ikkje alle verksemdene kjende til at Fiskeridirektoratet har eit kart for å planlegge bruken av legemiddel i tråd med regelverket:

Fiskeridirektoratet har òg to publikasjonar om rettleiing i regelverket. Desse publikasjonane utdjupar krava i regelverket og signaliserer kva som minimum er forventa i verksemdene sine risikovurderingar:

Rettleiar: Miljømessig forsvarlig utslepp av legemiddel ved behandling av lakselus i akvakulturanlegg

Rettleiar for tømming av badebehandlingsvatn frå brønnbåt tilsett legemiddel mot lakselus

Oppdatert: 01.02.2021