Pålegg om tiltak i vassdrag etter lakserømminga i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet har idag pålagt Aller Aqua Norway AS miljøovervaking og uttak av rømt fisk i elleve vassdrag etter lakserømminga i Vadheimsfjorden i Høyanger. Lokale krefter har allereie teke ut fleire titals oppdrettslaks i elva Vikja.

Tiltak i vassdrag

Fiskeridirektoratet har utført inspeksjon på anlegget, og har torsdag 3. november pålagt Aller Aqua Norway miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettsfisk i elleve vassdrag i Sognefjorden, av desse er det fem nasjonale laksevassdrag. Målet er at fisk frå rømminga ved lokalitet Floteneset ikkje skal få gyte i dei aktuelle vassdraga. Selskapet må så snart som mogleg, og seinast måndag 7. november, leggje fram ein plan for tiltaket. Ein profesjonell instans med erfaring frå denne type arbeid skal vere fagleg ansvarleg.

Mottak av fisk og dusør

Det var laurdag 29. oktober at Aller Aqua meldte om ei rømmingshending på lokaliteten Floteneset i Vadheimsfjorden. Det var då oppdaga eit stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Fiskeridirektoratet har pålagt selskapet å drive gjenfangst i heile Vadheimsfjorden, ut til Langeneset-Verpeneset. Dette fisket foregår med innleidd fartøy og reiskap som er tydeleg merka.

Selskapet har òg oppretta mottaksstasjon på Vadheimskaien, der dei tek imot fisk kvar dag kl 15 for dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. Selskapet opplyser at dei vil betale 200 kr for kvar fisk som blir levert. Ein kan kontakte selskapet på tlf: 95030591 for spørsmål knytt til dette.

Publikum må følgje gjeldande fiskereglar for området (statsforvalteren.no)

Omfang og gjenfangst

Omfanget av rømminga er venta å bli avklart over helga. Fisken som har rømt er i storleiken 3-5 kilo og var slakteklar. Selskapet har så langt registrert ein gjenfangst på ca. 1000.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips i nytt digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet. Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsa vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen.

Oppdatert: 03.11.2022

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju