Rømmingshending i Fusafjorden i Vestland

Bolaks AS har meldt om rømming ved eit av sine anlegg i Fusafjorden.

Selskapet rapporterte måndag om skade i ei not på lokaliteten Skavhella i Fusafjorden utanfor Os. Notskaden vart oppdaga i samband med at ei makrellstørje hadde kome inn i ei av nøtene.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på ca 4 kg. Det er meldt inn gjenfangst på 35 fisk i området.

Fiskeridirektoratet følger opp saka.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips i digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet.

Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsa vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen.

Kontakt: 

Oppdatert: 21.09.2022