Rømmingstallet klart etter lakserømminga i Sognefjorden

Opplysningar frå Aller Aqua Norway AS visar at om lag 35 000 fisk rømte i hendinga i Vadheimfjorden. Gjenfangsttala er oppe i over 9 000 fisk.

Fiskeridirektoratet har motteke endelege tal frå Aller Aqua etter at rømmingsmerden er slakta ut. Tala visar at om lag 35 000 fisk rømte frå lokaliteten Floteneset 29. oktober 2022. Selskapet rapporterer også inn eigen gjenfangst og gjenfanga fisk dei har teke imot. Dette talet er per 10. november 9 300 fisk. Selskapet melder om at hovuddelen av fangstane er teke i Sognefjorden vest for Vadheimsfjorden.

Tiltak i vassdrag

Aller Aqua har sett igong miljøovervaking og uttak av rømt oppdrettsfisk i elleve vassdrag i Sognefjorden, etter pålegg frå Fiskeridirektoratet. Målet er at fisk frå rømminga ved lokalitet Floteneset ikkje skal få gyte i dei aktuelle vassdraga. Arbeidet, som vert utført av Norce, vil halde fram så snart tilhøva i felt har betra seg.

Mottak av fisk og dusør

Selskapet sin mottaksstasjon er på Vadheimskaien, der dei tek imot fisk kvar dag kl 15 for dei som ønskjer å levere inn oppdrettslaks dei har fiska. Selskapet opplyser at dei vil betale 200 kr for kvar fisk som blir levert. Ein kan kontakte selskapet på tlf: 95030591 for spørsmål knytt til dette.

Publikum må følgje gjeldande fiskereglar for området:

https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/fiskereglar/fiske-i-sjo/

Fiskeridirektoratet ønskjer tips i nytt digitalt tipssystem

Personar som ønskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettslaks i området, kan gjere det her: Tips Fiskeridirektoratet. Legg gjerne ved bilde av fisken.

Tipsene vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettslaksen.

Oppdatert: 11.11.2022