Webinar om rømmingssikkerhet

Fiskeridirektoratet ønsker velkommen til webinar om rømmingssikkerhet 1. desember kl 09.15. NB. nytt tidspunkt. Årets tema er maskeopning og størrelse på smolt.

Torsdag 1. desember 2022 kl, 09.15-12.00 arrangerer Fiskeridirektoratet, i samarbeid med Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norsk industri og Kystrederiene eit webinar om rømmingssikkerhet. Årets tema er «Maskeopning og størrelsen på smolt». Legg merke til at webinaret no startar klokka 0915.

Følg webinaret her: https://my.rec.vc/live/hbnRzKtt8CEkMoME

Stor variasjon

For å unngå rømming ved utsetting av laksesmolt, er det avgjerande at størrelsen på maskene i nota er tilpassa størrelsen på fisken. Fiskeridirektoratet har nyleg gjort ei kartlegging av næringas rutiner ved utsett av smolt.

– Kartlegginga viser til dels svært stor variasjon i korleis oppdrettarane vurderer størrelse på smolten og minste akseptable individvekt i forhold til ulike nøter. Kva kunnskap som blir lagt til grunn og korleis tidlegare tilrådingar blir tolka, har vist seg å gi ganske store utslag, sier seniorrådgiver Øyvind Grøner Moe i miljøseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Ujevn størrelse

Det har i tillegg vore ein problemstilling at smolten ikkje har forventa størrelse når den blir satt ut i merda eller at det er ujevn størrelse i fiskegruppa. Dette kan gjere det vanskeleg for oppdrettaren å tilpasse maskeåpninga i nota, fordi oppdrettaren ikkje kjenner størrelsen på den minste fisken. Konsekvensen kan bli at den minste fisken klarer å ta seg ut av anlegget gjennom notveggen.

Vi treng meir kunnskap om denne problematikken og ein auka bevissthet i næringa. Fiskeridirektoratet har ein pågåande kunnskapsbestilling inne hos Havforskningsinstituttet, som vil resultere i nytt kunnskapsgrunnlag for valg av maskeopning i forhold til fiskestørrelse og foreslå metodar/modellar for å finne fram til minste fisk i ei fiskegruppe.

Om programmet

Vi vil få innlegg med forskjellige vinklingar på problemstillinga, både frå Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektortet og ulike delar av næringa. Detaljert program kjem snart.

Påmelding til webinar om rømmingssikkerhet

Tid

Innlegg

Innleggsholder

0915-0920

Velkommen

Evelyn Myrå Holmøy, Fiskeridirektoratet

0920-0940

Konsekvenser ved rømming av smolt

Monica Solberg, Havforskningsinstituttet

0940-0955

Tekniske krav til nøter og masker

Daniel L. Landhaug, Fiskeridirektoratet

0955-1025

Rømmingshendelser og bakgrunn for prioritering

Øyvind Grøner Moe, Fiskeridirektoratet

1025-1035

Pause

1035-1100

Kunnskapsbestilling og revidert tilrådning

Magnus Torvik, Fiskeridirektoratet

1100-1125

Erfaringer og rutiner knyttet til smoltleveranser

Lars Jørgen Ulvan, Måsøval

1125-1200

Spørsmål fra publikum

Oppdatert: 07.11.2022