Arealplaner

Fiskeridirektoratet har som samfunnsoppdrag å fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø. Ein viktig del av arbeidet vårt er å delta i arealplanlegginga til kommunane.

For at potensialet for sjømatproduksjon frå norske kyst- og havområde kan utnyttast på ein berekraftig måte, skal Fiskeridirektoratet bidra til at fiskeri- og akvakulturnæringane sine interesser vert ivaretekne i saker etter plan- og bygningslova.

Eit reint og rikt hav, som ikkje er forureina og som har eit rikt naturmangfald, er ein nødvendig føresetnad for sjømatnæringane.

Arealplanlegging for fiskeri og akvakultur

Fiskeridirektoratet som offentleg organ har både rett og plikt til å delta i planlegginga når den berører vårt saksfelt. Det går fram av plan- og bygningslova. Fiskeridirektoratet skal medverke i alle relevante plansaker i sjø. Det inneber mellom anna å gje uttale til kommuneplanar, reguleringsplanar og i dispensasjonssaker. Vi bidrar også med kunnskapsgrunnlag til kommunale planprosessar.

Kva saker berører Fiskeridirektoratets saksfelt?

Fiskeridirektoratet legg til grunn at vi har rett til å bli involvert i følgjande saker etter plan- og bygningslova:

  • Planstrategiar i kommunar og fylke med kystlinje (pbl kap. 7 og 10)
  • Kommuneplanens samfunnsdel og -arealdel i kommunar med kystlinje (pbl kap. 11)
  • Kommunedelplanar som berører sjøområda, mellom anna om vatn og avlaup, nærings-, natur- og miljøtema, hamneplanar (pbl kap. 11)
  • Reguleringsplanar som omfattar sjøareal og/eller areal i strandsona langs kysten (pbl kap. 12)
  • Interkommunalt plansamarbeid langs kysten (pbl kap. 9)
  • Regionale planar og -planføresegner i fylke med kystlinje (pbl kap 8)
  • Dispensasjonssaker i sjø og/eller i strandsona langs kysten (pbl kap. 19)

Når vi skal vurdere om ei konkret plansak berører saksfeltet vårt, tek vi utgangspunkt i registrerte kystnære fiskeridata, data om akvakulturlokalitetar, marine naturtypar m.m. som er allment tilgjengeleg. I tillegg bruker vi informasjon frå fangst- og sporingsdata som av omsyn til personvern er unnateke offentlegheit. Planmyndigheitene har såleis ikkje tilgang til all nødvendig informasjon for å gjere ei meir konkret vurdering enn den som følgjer av punktlista ovanfor.

Fiskeridirektoratet legg til grunn at i saker der kommunen vurderer å gje dispensasjon, får vi dispensasjonssøknaden tilsendt for uttale saman med saksutgreiinga frå kommunen. Vi har ikkje som praksis å gje førehandsuttale med konkrete vurderingar til søkjar/tiltakshavar i dispensasjonssaker.

Fiskeridirektoratet er ikkje omfatta av den kommunale samordningsplikta i byggesaksforskrifta § 6-2. Vi har ikkje som rutine å gje uttale til byggesaker etter førespurnad frå søkjar/tiltakshavar. I nokre byggesaker kan kommunen ha behov for ein uttale frå Fiskeridirektoratet for at saka skal verte godt nok opplyst før kommunen fattar vedtak i saka. I slike tilfelle kan Fiskeridirektoratet gje ein uttale etter førespurnad frå kommunen.

Fiskeridirektoratet kan fremje motsegn til arealplanar i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, eller som av andre grunnar er av vesentleg betydning for saksområdet vårt. Motsegnskompetansen vår er knytt til fiskeri, og tang- og tarehausting. Vi har klagerett i dispensasjons- og byggesaker, jamfør pbl § 1-9 tredje ledd.

Fiskeridirektoratets planrettleiing

Øvst på denne sida finn du lenker til Fiskeridirektoratets planfaglege råd om fiskeri og akvakultur. Hovudmålgruppa for rettleiinga er tilsette i kommunar, fylkeskommunar og statsetatar, konsulentselskap, organisasjonar knytt til sjømatnæringane, og andre som arbeider med arealplanlegging. Målet er å informere og gje planfaglege råd om mellom anna

  • arealbehovet til sjømatnæringane
  • kunnskapsgrunnlag i kartløysinga «Yggdrasil»
  • kriterium Fiskeridirektoratet nyttar for å vurdere kva spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning innanfor saksområda fiskeri, og tang og tarehausting, jamfør plan- og bygningslova § 5-4
  • korleis fiskeri og akvakulturinteresser kan sikrast i plankart og -føresegner

Rettleiinga erstattar «Retningslinjer for arbeid med kystsoneplanlegging i Fiskeridirektoratet» (2011, sist revidert 2021).