Kva skjer med reiskapen vi finn?

På Fiskeridirektoratets opprenskingstokt tar vi årleg opp betydelege mengder tapte og forlatte fiskereiskap. Tilstanden til reiskapen og om det er mogleg å identifisere eigar har stor betydning for korleis fiskereiskapen blir håndtert vidare.

Fiskeridirektoratet er involvert i både nasjonale og internasjonale prosjekt der målet er å auke gjenbruk og gjenvinning av fiskereiskap.

Reiskapen som tas opp blir handtert etter følgande prioriteringsrekkefølge:

  1. Leverast tilbake til eier
    Dersom reiskapen er meld tapt, ikkje er benytta i ulovleg fiske, eigaren er identifisert og det er praktisk mogleg, kan reiskapen bli levert tilbake til eigar.
  2. Overlatast til andre
    I kystnære opprenskningsaksjonar kan funksjonelle reiskapar overlatast til skular, verna bedriftar og liknande.
  3. Gjenvinnast 
    Gjennom samarbeid med Norsk fiskeriretur AS blir nokre reiskapstypar leverte til gjenvinning, men dette betingar at reiskapen kan reingjerast for organisk materiale og elles tilfredsstillar krav til gjenvinning.

    Produkt av metall blir levert til gjenvinning ved hjelp av ulike samarbeidspartnere.

  4. Deponerast
    Andre reiskapar og materiale blir levert til deponi.     

Les meir

Reiskapsopprensking

Spøkelsesfiske

Meld tapt og funne fiskereiskap i appen (fritidsfiske)

Meld tapt reiskap (yrkesfiske)