Seismikk

Fiskeridirektoratet er høringsinstans i forbindelse med seismiske undersøkelsar. I ein slik prosess søker vi i størst mulig grad å ivareta hensynet til ulike fiskerier og fangst.

Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet har utarbeida ein rettleiar for gjennomføring av seismiske undersøkelsar på norsk kontinentalsokkel. Hensikta er å sikre eit godt samarbeid mellom fiskeriinteressentane og petroleumsverksemda. 

Veileder for geofysiske undersøkelser (regjeringen.no)

Seismikkaktiviteten har gradvis forflytta seg nordover, men framleis er det høgast aktivitet i Nordsjøen.

Kurs for fiskerikyndige

For å bidra til auka forståing mellom næringane arbeider vi med å auke kunnskapen om dei ulike fiskeria og arealbehov. Dessutan må alle seismiske fartøy, som opererer i områder kor fiske og fangst kan forventast, vere bemanna med ein fiskerikyndig person. Denne personen skal være godkjend av Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet og ha bestått kurs. Alle partar er einige om at dette tiltaket bidrar til å redusere faren for konfliktar. 

Skremmeeffekt på fisk

Når det gjeld skremmeeffekt på fisk som følge av seismisk aktivitet, så følger Fiskeridirektoratet forskaranes konklusjon om at det er dokumentert skremmeeffekt på torsk og hyse. Effekten er imidlertid differensiert etter type undersøking.