Rørledningar og kablar i sjø

Det ligg mykje rør og kablar i norske havområde. Dette er alt fra strøm og oljerelaterte installasjonar til fiberoptiske kablar. All kabellegging er knytt til ein anleggsperiode, noko som i enkelte tilfelle kolliderar med viktig fiskeriaktivitet eller akvakulturinnretningar.

I tillegg opplever Fiskeridirektoratet at det er ein mangel på koordinering av rør- og kabelleggingsprosjekt, noko som fører til unødvendig mange anleggsperiodar og ei låg grad av koordinering av traséar. Anleggsperiodar i tilknytning til fiskefelt er ofte til hinder for fiskeri og manglande koordinering av traséar kan føre til at rør og kablar krysser kvarandre. Slike krysningspunkter dekkast ofte med steinfyllinger, noko som kan føre til hefter på botnen som kan skade fiskereiskapen eller gjere at reiskapen blir sittande fast.

For å redusere ulempene for akvakultur og spesielt fiskeri, gir Fiskeridirektoratet uttalelsar i tilknytning til prosjekt som innebærer legging av rør og kablar på havbotnen. Her er vi spesielt opptatt av å koordinere kabeltraséar, redusere bruk av steinfylling og frie spenn, og å legge anleggsperiodar utanfor periodar kor det føregår intensive fiskeri på områda.