Vindkraft til havs

Havvind til havs er svært arealkrevande, og Fiskeridirektoratet har fått tydelege signal om at utbygginga av vindturbiner til havs vil komme fort og kreve betydelege areal. Difor jobbar Fiskeridirektoratet for at fiskeriaktivitet skal tas hensyn til i rammeverk i framtidige utbyggingsplanar.

Ein legg også mykje ressursar ned i å auke forståinga mellom næringane ved å auke kunnskapen om dei ulike fiskeria og arealbehov.

Per dags dato finst det kun eit lite testsenter for vindturbiner til havs i Noreg, og senteret består av kun éin vindturbin. Det vil imidlertid komme fleire og i 2020 åpna Stortinget for konsesjonssøknadar for utbygging av havvind på to område. Desse områda er begge i Nordsjøen og blir kalla "Utsira Nord" og "Sørlig Nordsjø 2". Det er også innvilg ein søknad om 11 vindturbiner utanfor dei åpna områda, prosjekt "Hywind Tampen", som er i tilknytning til petroleumsinstallasjonar som skal installerast i 2022.