Reglar for krabbefiske

Kor mange teiner kan du bruke til å fiske krabbe? Kva er minstemålet for krabbe? Korleis skal krabbeteina vere? Les alle reglane om krabbefiske.

Fangsttider

Du kan fange krabbar heile året.

Det er ingen særskilte reglar for lystring/lysing etter krabbe.

Tidlegare forbod mot å sette krabbeteiner laurdag-søndag i perioden då hummerfisket pågår er oppheva.

Minstemål og djupn

Frå svenskegrensa til og med Rogaland er minstemålet 11 cm. I resten av landet er det 13 cm. Krabbe skal målast over skalets største breidde.

Djupneavgrensinga for krabbeteiner er oppheva. Det er altså ikkje lenger forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn enn 25 meter.

Teiner og ruser

Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord.

I teiner som er sette ut for fangst av krabbe, frå svenskegrensen til og med Tysfjorden i Nordland, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar - éin på kvar side av reiskapen. Diameter på opninga skal vere minst 80 millimeter.

Det er berre dei som skal fiske etter hummar som må registrere seg og få deltakarnummer.

Reglane for bruk av teiner; antal, røkting, merking og krav til fluktopning

Krav om rømmingshol i teiner

Reglane for bruk av ruser; antal, geografiske område, røkting og merking

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap som også gjeld krabbefiske. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.

Ikkje bryt klørne av levande krabbe

Dersom du bryt klørne av levande krabbe, utøver du vald mot dyret. Og dersom du i tillegg kastar dei på sjøen igjen, set du dei i ein hjelpelaus tilstand.

Ifølge Mattilsynet strir dette mot dyrevelferdslova. Rådet for dyreetikk og EU-regelverket seier også at dette er forbode.

Sal av fangst

All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Fritidsfiskarar kan maksimalt omsetje for 50 000 kroner per år.

Reglane for sal av fangst