Sjøkreps

Du kan fangste sjøkreps heile året. Les om reglane for reiskap, minstemål og sal av sjøkreps.

Fangsttider

Du kan fangste sjøkreps heile året.

Minstemål og djupn

Minstemål for sjøkreps er 13 cm i heile landet. 

Sjøkreps skal målast fra spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.

Det er tillate å måle Carapaxlengda på sjøkreps. Då må lengda frå bakarste ende av augeholet til bakarste kant av carapax målt midt oppe på ryggen vere 4 cm eller meir.

Det er ingen djupneavgrensing ved fangst av sjøkreps. 

Tal på teiner 

Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.

Krav om rømmingshol

Det er innført krav til rømmingshol i teiner for fangst av sjøkreps.

Krav om rømmingshol i teiner

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap som også gjeld for fangst av sjøkreps. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.

Sal av sjøkreps

Du kan ikkje fritt selje sjøkreps. All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Ein person eller eit føretak kan ikkje omsetje fangst for meir enn kroner 50 000 per kalenderår. 

Sal av fangst