Knytt profilen din til dykkeklubb

I Fritidsfiskeappen kan du knytte brukarprofilen din opp mot ein dykkeklubb når du rapporterar tapt og funnen reiskap.

Kva skjer når dykkarar melder inn funn av tapte reiskap i appen?

Når din brukarprofil er knytt opp mot ein dykkeklubb og du rapporterar blir data tilgjengelege for Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet. Da bidrar du i arbeidet med å utvikle løysingar som kan redusere faren for skjult utnyttig. Dette er nyttig for å kartlegge omfanget av spøkelsesfiske. Rapporten lagra hos Fiskeridirektoratet og informasjonen blir vist interaktivt på fiskeridir.no med dagleg oppdatering.

Viss du ikkje knyter profilen din til ein dykkeklubb, vil du få ei forenkla registrering som ikkje har med dei nødvendige data til Havforskingsinstituttet.

Endring i utbetaling til dykkeklubbar

Dykkeforbundet si ordning om å gi dykkarklubbar honorar for rapportering av funnen reiskap er gått ut.

Frå 1. april 2020 er ikkje tilskotet frå Miljødirektoratet lenger gjeldane, og dykkarar får ikkje utbetaling for rapportering av funnen reiskap.

Oppdatert: 18.06.2020