Vil du lære meir om minstemål?

I sommar kan du og resten av familien lære meir om fritidsfiske på Akvariet i Bergen. Besøk vår interaktive vegg og bli kloke fritidsfiskarar.

I samarbeid med Akvariet ønsker vi å spreie kunnskap om livet i havet. Alle som bur i Noreg kan fiske i sjøen, og då er det viktig å kunne reglane.

På ein interaktiv vegg, som er plasset ved haitunnelen på Akvariet, kan du teste dine kunnskapar og lære meir om både minstemål, artar, spøkelsesfiske og marin forsøpling.

Tar du med dei minste på oppdagingsferd vil også dei få ta del i denne viktige kunnskapen. Lastar du ned Fritidsfiskeappen finn du reglane for fritidsfiske der. I appen kan du også melde frå om du mister fiskereiskap eller finn reiskap som andre har mist.

Då er vi veldig godt rusta til å best mulig ta vare på livet i havet – også i framtida.

Sjå film om Fritidsfiskeappen, som no går på TV2:



Oppdatert: 29.06.2021