Ny fellesaksjon med dystert resultat

Dei første dagane i juni gjennomførte Fiskeridirektoratet ein fellesaksjon på Sør-Vestlandet saman med Statens Naturoppsyn (SNO) og Kystvakten (KV) med nokså dystert resultat. I løpet av fire dagar vart 125 redskaper beslaglagt.

Kontrollen blei gjennomført på strekninga frå Stavanger i sør til Austevoll i nord med mannskap frå Fiskeridirektoratet, SNO og KV. Det blei i alt beslaglagt 125 reiskapar, dei fleste teiner. Det er innlevert 40 anmeldelsar, der 31 av desse er med kjent eigar og 9 er med ukjent eigar.

– Brot på regelverket til utforming av fluktopningar og rømmingshol er ein gjengangar. Mange har såkalla flapreluker som fluktopning. Dette er luker som er montert på teinene, der ein kan skifte mellom 6 cm og 8 cm opning. Desse skal vere fastlåst og sikra i lovleg posisjon, noko mange ikkje etterlever, seier inspektør Wenche Marie Johannesen i Fiskeridirektoratet.

Spøkelsesfiske

I tillegg til ulovlege reiskapar kom kontrollørane også over teiner som hadde stått i sjøen langt ut over røktingsplikta, som er ei veke dersom ikkje anna er sagt.

– Vi fann mellom anna ei lenke med fire teiner som truleg har stått i sjøen i om lag to år. Den eine teina var det ein levande hummar i, som vi kunne sleppe fri. Det er viktig at folk melder inn tap dersom dei misser reiskap. Det kan enkelt gjerast i Fritidsfiskeappen, seier Johannesen.

Fiskeridirektoratet har i år lansert nettkurset «Skitt fiske» som alle fritidsfiskarar som fiskar med fastståande reiskap bør ta. Kurset fokuserer mellom anna på tips for å unngå tap av reiskap. 

Hyppige kontrollar

Det vart også beslaglagt to garn som var sett i strid med nedsenkingspåbodet. I perioden 1. mars til og med 30. september skal flytegarn med større maskevidde enn 32 mm senkast tre meter under overflata.

– Resultatet viser at det truleg skjer mykje ulovlegheiter i fritidsfisket og vi kjem til å ha hyppige kontrollar på kysten no framover. Vi oppfordrar alle som skal drive fritidsfiske til å sette seg inn i regelverket. Dette finn du enkelt på nettsidene til Fiskeridirektoratet eller på Fritidsfiskeappen, seier Wenche Marie Johannesen.

Oppdatert: 09.06.2023