Merking av reiskap

I fritidsfiske skal alle vak, blåser eller bøyer, på alle reiskap som står i sjøen vere tydeleg merka med eigars namn og folkeregistrerte adresse. I tillegg skal teiner og ruser vere merka med tilsvarande eigaropplysingar.

For teiner sett i lenke, skal kvar enkelt teine merkast med eigars namn og folkeregistrerte adresse.

Også sanke- og samleteiner skal merkast med desse opplysingane.

Synleg merke

Merket på sjølve reiskapen skal vere godt synleg og vere festa på den øvre delen, slik at den er mindre utsett for slitasje eller avsliting. Merket og dei påførte eigaropplysingane må tole saltvatn, slik at dette er godt leseleg. Som brukar bestemmer du sjølv utforming og størrelse på merket. Du kan lage merket sjølv eller kjøpe det frå ulike utsalsstader.

Merking av reiskap i hummarfiske

Teinene som vert nytta til hummarfiske er underlagt dei same krava som andre teiner, men i tillegg skal blåse eller bøye vere påført ditt deltakarnummer.

Det er ikkje nødvendig å fjerne deltakarnummeret frå vaket viss du ønsker å bruke same vak utanom hummarfisket.

Merking i yrkesfiske

I yrkesfiske gjeld det samme kravet om merking av ei av blåsene/bøyene, men i yrkesfiske er det ikkje krav om merking av sjølve reiskapen.

Andre fiskereiskap

Kravet om merking av sjølve reiskapen gjeld ikkje for garn, line eller snik, men vaka på desse reiskapane må merkast.

Reduserer marin forsøpling og spøkelsesfiske

Det overordna målet med merking av sjølve reiskapen er å redusere marin forsøpling og spøkelsesfiske gjennom at færre tapte fiskereiskapar står att.

Det er ikkje ulovleg å miste reiskap, men på grunn av den store mengda reiskap som årleg blir mista, så må alle bidra til å redusere dette gjennom ansvarleg bruk av reiskap.

Teiner og ruser blir hyppigast brukt i fritidsfiske, og er reiskapane vi finn flest av ved oppreinsking. Derfor gjeld kravet desse reiskapane.

Korleis kan du vere ein ansvarleg fiskar?

Du kan enkelt bidra til ansvarleg fiske ved å:

  • bruke gode og godt synlege vak. Ikkje bruk plastflasker og -kanner!
  • ikkje setje reiskapen i ei trafikkert skipslei eller område med sterk straum.
  • ta omsyn til vêrforholda.
  • ha riktig lengde på tauet: Det bør vere samsvar mellom djupn og taulengde.
  • røkte reiskapen etter gjeldande reglar

Særskilde reglar for merking av reiskap

Det gjeld spesielle reglar for området utanfor grunnlinja (lovdata.no).