Ruser

Reglane for bruk av ruser; antal, geografiske område, røkting og merking.

Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord. 

I hummarfiskeperioden er avgrensinga på 10 hummarteiner og ruser.

Det er ikkje krav til fluktopningar i ruser.

Ruser skal røktast slik at ein unngår skade og tap av fangst. Reiskapane skal røktast minst kvar sjuande dag.

Forbod mot bruk av ruser

Det er forbode å bruke ruser frå og med 1. mai til og med 30. september.

Ruser kun til fisk

Dersom du får ein hummar i rusa, skal den løysast forsiktig og settast tilbake i sjøen igjen. Dette gjeld også i hummarfisketida, for hummar skal kun fangast med hummarteiner.

Det er også totaltforbod mot å fiske ål. Får du ål i rusa, skal den også settast ut igjen i sjøen. Det er lov å bruke åleruser til å fiske fisk.

Merkekrav 

Det er innført krav til merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav til merking av vak/blåser.

Merket bør festast i reiskapens øvre del og må tåle saltvatn. Merket bør vere av ein slik kvalitet at det ikkje losnar og dermed bidrar til marin forsøpling. Dersom fleire reiskaper er satt i lenke, gjeld kravet kvart enkelt reiskap i lenka.

Sanke- og samleteiner som står i sjøen for oppbevaring av skaldyr skal vere merka på same måte.

Les meir om merking av reiskap

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av ruser. Presiseringar om kva for reiskap som er tillete kor er på sida om fredingsområde for hummar.