Teiner

Reglane for bruk av teiner; tal, røkting, merking og krav til fluktopning og rømmingshol.

Du kan fiske med inntil 20 teiner eller ruser. Talet på ruser og teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord i båten. 

Eksempel:

  • Éin person kan berre bruke 20 teiner eller ruser sjølv om han fiskar med tre fartøy.
  • Tre personar kan berre fiske med 20 teiner eller ruser dersom dei fiskar frå same båt.

I hummarfiskeperioden er avgrensinga på 10 hummarteiner og ruser.

Denne avgrensinga gjeld også per person og per fartøy. Men du kan i tillegg nytte inntil 10 andre teiner - for eksempel krabbeteiner.

Alle teiner, ruser og vak skal merkast tydeleg med namn og adresse. 

Teiner kjem i mange variantar. Definisjonen på kva type teine det er, blir i praksis avgjort av bruken. Det vil seie korleis og kvar du set teina og kva artar du fiskar etter.

Krav til fluktopning og rømmingshol

Fluktopning

Fluktopning er permanente opningar, som gjer det mogleg for små individ å komme ut av teina.

Alle teiner som vert sette ut til fangst av hummar skal ha minst to fluktopningar; ei på kvar side av reiskapen.

Dersom det blir brukt kombinert fluktopning som kan varierast mellom 80 og 60 mm, skal den lause delen av opninga festast forsvarleg slik at den ikkje blokkerer for gjeldande opning.

For teiner som er sette ut til fangst av krabbe gjeld kravet om minst to fluktopningar, ei på kvar side av reiskapen, frå svenskegrensa til og med statistikkområde 00-38 (tidlegare Tysfjord kommune).

For teiner som er sette ut til å fange fisk er det ikkje krav til fluktopningar og rømningshol. Men dersom teinene vert sette slik at dei truleg ikkje berre fangar fisk, men også krabbe eller hummar, skal teinene likevel ha fluktopning og rømningshol.

Kravet om fluktopningar gjeld likevel ikkje for mannstallsførte fiskarar som fangstar krabbe for omsetjing med merkeregistrert fartøy i Trøndelag og Nordland. Unntaket gjeld ikkje i statistikkområde 00-38 (tidlegare Tysfjord kommune).

Fluktopningane skal vere plasserte i fangstkammeret på ein slik måte at individet lett kan ta seg ut av reiskapen. I teiner med plan botn skal opningane plasserast heilt nede ved reiskapsbotnen. I teiner med sylinderform (tønneform) skal opningane vere heilt nede ved reiskapsbotnen, men ikkje lenger nede enn at det blir fri passasje gjennom opningane når reiskapen står ute for fangst.

Rømmingshol

I tillegg til minst to fluktopningar skal det vere minst eit rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd. Tråden skal virke slik, at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengde individ.

Rømmingshol er tette under fiske, men vil opne seg etter ein gitt tid i sjøen, som til dømes ved tap av fiskereiskapen.

Det gjeld eigne reglar for kongekrabbeteiner 

Det er litt ulike krav til rømmingshol i teiner nytta i fiske etter sjøkreps, hummar, taskekrabbe og kongekrabbe.

Meir om montering av rømmingshol i teiner som blir brukte til ulike artar

Det er ikkje krav om at heile teina er laga av nedbrytbar bomullstråd. Nedbryting av tråden fungerar slik at den på ulike måtar lagar eit hol i teina etter ei viss tid. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Merkekrav i fritidsfiske

Det er innført krav til merking av teiner og ruser i fritidsfiske. I tillegg er det krav til merking av vak/blåser.

Merket bør festast i reiskapens øvre del og må tole saltvatn. Merket bør vere av ein slik kvalitet at det ikkje losnar og dermed bidrar til marin forsøpling. Dersom fleire reiskapar er sett i lenke, gjeld kravet kvart enkelt reiskap i lenka.

Sanke- og samleteiner som står i sjøen for oppbevaring av skaldyr skal vere merka på same måte.

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer. Det er ikkje nødvendig å fjerne deltakarnummeret frå vaket viss ein ønsker å bruke same vak utanom hummarfisket.

Meir om merking av reiskap

Røkting

Alle teiner skal røktast minst ein gong per veke. Unntaket er teiner som vert nytta til fiske etter leppefisk; desse teinene skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og helgedagar.

Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av teiner. Presiseringar om kva reiskap som er tillate kvar, finn du på sida om fredingsområde for hummar.

Artar med særskilde reglar