Registrer deg til hummarfiske

Alle som skal fiske hummar må registrere seg, også dei som var registrerte i fjor. Registreringa gjeld berre for inneverande år, men deltakarnummeret blir gjenbrukt.

Registrer deg til hummarfiske

Kven skal bruke skjemaet

Registreringsskjemaet gjeld både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar. Det betyr at yrkesfiskarar skal klikke på privatperson og ikkje på verksemda når dei klikkar seg inn på skjemaet.

Søkje på vegner av andre

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan andre søkje på dine vegner. Den som skal søkje for deg må vite:

  • fødselsnummeret eller d-nummeret ditt
  • namnet ditt

Alt om hummarfiske