Oppbevaring av hummar i sjøen

Dei som skal oppbevare hummar i sjøen i desember frå og med Sogn og Fjordane til grensa mot Sverige må sende inn eit skjema.

Meld om oppbevaring av hummar i sjøen

Formål og vilkår

Det er lov å oppbevare hummar i sjøen i oktober, november og desember. Men dersom oppbevaringa i desember skjer frå og med Sogn og Fjordane til grensa mot Sverige, skal du sende melding til Fiskeridirektoratet. Årsaka er at hummaren er freda i desember i dette området.

Det er mogleg å nytte skjemaet fram til sesongslutt, det vil seie 31. desember.

Meir om når du kan fiske hummar i ulike delar av landet

Rettleiar