Bøter for fiskesmugling

Bøtene for fiskesmuglarar som tar med seg ulovleg fisk ut av Noreg er 8000 kroner og i tillegg 200 kroner per kilo fisk eller fiskevare.

Det er berre mogleg å utføre fisk dersom du har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten er 18 kilo. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.

Fiskesmugling er både miljø- og økonomisk kriminalitet. Det gjer det vanskeleg å ha god oversikt på ressursuttak frå havet. I tillegg øydelegg det for den seriøse delen av turistfiskenæringa.

1. januar 2018 blei det innført nytt regelverk for turistfiskenæringa. Det blei blant anna innført ei registreringsordning og fangstrapporteringsordning for turistfiskeverksemder.

Frå 1. januar 2021 er utførselskvoten 18 kg fisk og fiskevarer for gjester ved registrerte turistfiskeverksemder.

Oppdatert: 09.03.2021