Utførsel av fisk: kvote og krav til dokumentasjon

Utførselskvoten er 18 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tar fisk ut av landet.

Utførselskvote

Frå 1. januar 2021 er det berre mogleg å utføre fisk dersom du har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten er 18 kilo fisk eller fiskeprodukt. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.

Du kan ikkje lenger ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota.

Ferskvassfisk, som laks, aure og røye, kjem utanom utførselskvoten.

Krav til dokumentasjon ved utførsel av fisk

Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskeverksemd når dei tar fisk ut av landet.

Krav

Tolletaten vil godta faktura eller tilsvarande legitimasjonsdokument for opphaldet utskriven til namngjeven person i reisefølge eller per person. Vidare må denne legitimasjonen innehalde:

  • den registrerte turistfiskeverksemda sitt namn, adresse og organisasjonsnummer
  • namn på den eller dei som har fiska i regi av verksemda
  • tidsrommet for opphaldet 
  • kor mange personar opphaldet gjeld for

Tolletaten vil også kunne akseptere ei utskrift av kva den enkelte turistfiskar har rapportert til verksemda at dei har fiska. Ei slik utskrift må angje:

  • verksemdas identitet
  • kven som har fiska
  • kor mykje som er fiska

Dokumentet kan skrivast ut ved heimreise, stemplast og underskrivast av verksemda.

Personane som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.

Oppdatert: 09.03.2021