Kval frigjort i Troms

Ein ung vågekval som hadde vikla seg inn i ei båtfortøyning ved Bromnes på Rebbenesøy vart torsdag frigjort av Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste.

Mannskap i Fiskeridirektoratet Sjøtjeneste er trena og utstyrt for å frigjere kvalar frå tauverk, fiskereiskapar eller andre ting dei måtte kome i kontakt med. Denne unge vågekvalen hadde vikla seg inn i ei fortøyning (iletau) ved Bromnes på Rebbenesøy.

Meldinga kom inn kl. 12:10 frå fleire ulike hald, og MS Fjorgyn sette kursen mot ferjekaien ved Bromnes, ein times gange frå Tromsø. Vel framme vart kvalen lokalisert og MOB-båten vart sett på vatnet. Etter kort tid var kvalen frigjort og kunne symje frå staden.

Vaagehval blir frigjort. Foto: Fiskeridirektoratet
Frigjering av vågekval på Rebbenesøy i Troms. Foto: Fiskeridirektoratet

Utan hjelpa frå Fiskeridirektoratet ville nok dette endt med drukning og død. Det er viktig at det er trente mannskap som blir tilkalt, når store sjøpattedyr viklar seg inn i ting i sjøen. I Norge er det Fiskeridirektoratet og Kystvakten som er trena til å løyse slike oppdrag.

Oppdatert: 20.01.2023

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.

Les mer og meld deg til intervju