Send oss forslag til Miljøprisen 2019

Kven fortener ekstra heider og ære for ekstraordrinær miljøinnsats i 2019? Har du eit forslag til kven som bør få Fiskeridirektoratets Miljøpris for 2019 kan du sende oss forslag.

Sidan 2007 har Fiskeridirektoratet delt ut Miljøprisen på fiskeri- og havbruksmessene i Trondheim i august. I år er det Aqua Nor med fokus på oppdrett og vi ber difor om at forslag til miljøprisen relaterer seg til eitt eller anna omkring oppdrett.

I fylgje statuttane til miljøprisen kan den delast ut til enkeltpersonar, verksemder, lag eller organisasjonar som tar eit større miljøansvar og som bidrar til ei bærekraftig utvikling i fiskeri- og havbrukssektorane.

Fiskeridirektoratets Miljøpris blir delt ut på Fiskeridirektoratets stand på Aqua Nor i Hall A, stand A-124 tysdag 20. august ca kl. 12:00

Vi må ha forslag til vinnarar innan 4. august 2019.

Send forslag til:

info@fiskeridir.no eller som melding/kommentar på Facebook.

Oppdatert: 25.06.2019