Fiskeridirektoratets Miljøpris til Oppdretternes Miljøservice AS

Fiskeridirektoratets Miljøpris for 2019 er tildelt Oppdretternes Miljøsevice AS. Selskapet vart danna i 2010 og yter ulike former for miljøretta service til oppdrettsnæring i sitt nærområde som er Trøndelag og sørlige Nordland.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord, daglig leder Oppdretternes Miljøservice, Gudbrand Sørheim, og statssekretær Roy Angelvik. Foto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord, daglig leder Oppdretternes Miljøservice, Gudbrand Sørheim, og statssekretær Roy Angelvik. Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

Prisen vart delt på Fiskeridirektoratets stand på Aqua Nor av statssekretær Roy Angelvik i Nærings- og fiskeridepartementet og fiskeridirektør Liv Holmefjord.

– I likheit med fjorårets vinnar er også årets vinnar delaktig i plastrydding på kysten, men det er berre ein liten del av det årets vinnar totalt sett driv med. Årets mottakar av Fiskeridirektoratets Miljøpris er først og fremst oppdrettsrelatert gjennom å vere ein organisator og koordinatort av miljøtiltak for oppdrettsnæringa i sitt område – men også andre tiltak som totalt sett gir samfunnet ein miljøgevinst, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord under prisutdelinga.

Vinnaren av årets miljøpris starta med å organisere tilgang på leppefisk for oppdrettarane og har seinare utvida verksemda til utleige av brønnbåt, koordinere tilgang på gjenfangstgarn ved rømming og organiserer og finansierer ulike former for oprydning på kysten, herunder strandrydding.

– Oppdretternes Miljøservice AS blir tildelt Fiskeridirektoratets Miljøpris for å bidra til ei meir miljøvenleg oppdrettsnæring gjennom organisering av ulike tiltak som totalt sett gir ein miljøgevinst for samfunnet, sa Holmefjord.

Prisen vart mottatt av dagleg leiar Gudbrand Sørheim på vegne av Oppdretternes Miljøservice AS

Oppdatert: 20.08.2019