Oppdatering om rømmingen i Sogn

Fiskeridirektoratet har pålagt Slakteriet Brekke AS miljøovervaking av 15 laksevassdrag i Sognefjorden etter rømmingshendinga ved anlegget i september.

Fiskeridirektoratet fekk måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljinga etter rømminga viser at det dreier seg om 17 200 rømte oppdrettslaks. Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg.

Miljøovervaking og utvida gjenfangst

Selskapet har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda. Pålegget er forlenga fram til og med 7. oktober. Det er så langt registrert ei gjenfangst på cirka 3950 fisk.

Fiskeridirektoratet har også pålagt selskapet å gjennomføre miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 vassdrag i Sognefjorden for å hindre oppdrettslaks i å gyte i vassdraga. Slakteriet Brekke AS har denne veka levert ein plan for gjennomføring av dette pålegget og har engasjert LFI Norce til å utføre hovuddelen av arbeidet.

Opning for å avlive rømt oppdrettslaks teken på garn

Fylkesmannen i Vestland har opna for at bifangst av oppdrettslaks teken på garn i Sognefjorden Vildehammeren og Nesholmsundet fram til 13. oktober kan avlivast:

https://www.fylkesmannen.no/nb/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/fiske-etter-romt-oppdrettsfisk-i-sognefjorden/

Ønskjer tips

Fiskeridirektoratet har fått meldingar om at den rømte fisken har spreidd seg til fleire vassdrag i Sognefjorden. Vi ønskjer framleis tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området.

Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratets døgnåpne vaktsentral på telefon 55 23 83 37 / 911 03 277.

Fiskeridirektoratet understreker at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.

Mottak av fisk

Slakteriet Brekke AS tek imot gjenfanga fisk frå private som ønskjer å levere. Kontakt selskapet på tlf: 99 69 92 48.

Oppdatert: 04.10.2019