Vil sjå nærare på bruk av legemiddel til avlusing

– Bruken av legemiddel blir styrt av internkontrollen. Dette vil vi sjå nærare på, seier seniorrådgjevar Magnus Torvik ved tilsynsutviklingsseksjonen.

Målet med tilsynet er å undersøkje om verksemdene nyttar internkontrollsystema sine til å sikre at legemiddel blir brukt på ein miljømessig forsvarleg måte.

I 2017 kom det nye krav til bruk av legemiddel i nærleiken av rekefelt og gytefelt for kysttorsk. To år seinare vart dette regelverket utvida. Oppdrettarane har i stor grad tilpassa drifta etter dei nye krava.

Oversikt over registrerte badebehandlingar ved anlegg nærare enn 500 meter frå gytefelt eller rekefelt, og registrerte behandlingar med Releeze eller Ektobann (kitinsyntesehemmarar) ved anlegg nærare enn 1000 meter frå rekefelt. Grafen viser bruken i talet på veker der fisken i ein eller fleire merdar er behandla ved ein lokalitet.

Tilsyn med bruk nærare enn 500 meter frå rekefelt og gytefelt for torsk

– Sidan 2018 har det ikkje vore rapportert bruk av kitinsyntesehemmarar i fôret nærare enn 1000 meter frå noko rekefelt langs kysten vår. Desse avlusingsmidla blir heller ikkje brukt oftare enn kvar sjette månad. Det ser dermed ut til at alle oppdrettarane i landet har innretta seg etter krava i akvakulturdriftsforskrifta § 15 a, fortel Torvik.

Fiskeridirektoratet vil i hovudsak basere dette tilsynet på verksemder som har brukt legemiddel til badebehandling mot lakselus ved lokalitetar som ligg nærare enn 500 meter frå rekefelt eller gytefelt for torsk. Det er viktig å presisere at legemiddel kan brukast til badebehandling nær rekefelt og gytefelt, så lenge behandlinga blir utført i brønnbåt og behandlingsvatnet blir sloppe ut innanfor rammene i regelverket.

Oppdatert: 21.01.2020