Korleis skal hummarteina vere?

Det er særskilde krav til teiner brukt i hummarfiske når det gjeld fluktopning, nedbrytbar bomullstråd og merking av vak.  

  • I tillegg til minst to fluktopningar skal det vere minst eit rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd. 
  • Fluktopningane må vere minst 60 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen.
    Sjå film og les meir.
  • Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i hummarteiner. Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

  • Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.

 Tydeleg merking av vak

  • Den som registrerer seg for fiske vil bli tildelt eit unikt deltakarnummer.
  • Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke.

Eksempel på merking for fritidsfiskar:

Ola Nordmann

Svingen 4

5550 Kysten

OLA-NOR-168 (deltakarnummer)

 

Eksempel på merking for yrkesfiskar:

SF-123-F (Fartøyets registreringsmerke)

OLA-NOR-321 (deltakarnummer)

Oppdatert: 02.09.2020