Meld tapt og funne fiskereiskap i fritidsfiske-appen

Fiskeridirektoratet har drive opprensking av tapte fiskereiskapar på dei viktigaste fiskefelta langs kysten i 30 år. Gjennom dette arbeidet er det tatt opp vesentlege mengder med ulike reiskapar.

Yrkesfiskarar melder tapte reiskapar til Kystvaktsentralen

Yrkesfiskarar pliktar å sokne etter tapte fiskereiskapar. Dersom dette ikkje lykkast skal tapet meldast til Kystvaktsentralen (telefonnummer: 07611).

Meir om rapportering av tapte reiskapar i yrkesfiske

Alle fritidsfiskarar kan melde tap og funn i appen

Det finns lite kunnskap om tap av fiskereiskap i fritidsfisket. Skjult utnytting ved såkalla «spøkelsesfiske» er noko vi ikkje ynskjer. Ved å rapportere om tapt reiskap, kan du bidra til å auke kunnskapen om mengde, årsak og geografisk fordeling. Dette vil igjen kunne bidra til at det kan utviklast løysingar og settast i verk tiltak som kan redusere den skjulte utnyttinga. 

Med appen kan du melde frå om du misser utstyr og du kan sjå kor andre har mista noko. Om du finn reiskap som andre har mista melder du også dette i appen. Alle som har mista fiskereiskap i fritidsfisket skal melde tapt reiskap. Hugs at du må fylle ut alle felt for å få sendt inn skjemaet i appen.

Saken fortsetter under filmen

Film om å melde tapte fiskereiskap

Hjelp havforskarane og din dykkeklubb

Du har muligheit for å knyte brukarprofilen din opp mot ein dykkeklubb og rapportere tapt/funnen reiskap. Då kan dykkeklubben få midlar for opprydding av tapte reiskapar, og du hjelper miljøet. Data frå innsendte tapsmeldingar blir tilgjengelege for Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet og bidrar i arbeidet med å utvikle løysingar som kan redusere faren for skjult utnyttig. Dette er nyttig for å kartlegge omfanget av spøkelsesfiske. 

Når du brukar appen opprettar du ein profil, og vil du knyte profilen din til ein dykkeklubb gjer du det det først (dette treng du berre gjere ein gong). Viss du ikkje knyter profilen din til ein dykkeklubb vil du få ei forenkla registrering som ikkje har med dei nødvendige data til Havforskingsinstituttet.

Kva skjer når dykkarar melder inn funn av tapte reiskap i appen?

Når ein dykkar sender inn rapport om funn av tapte reiskap i appen «Fritidsfiske», blir rapporten lagra hos Fiskeridirektoratet og informasjonen vist interaktivt på fiskeridir.no med dagleg oppdatering. Sjå rapporten om tapte og funne reiskap.

Dykkeklubbar blir honorerte av Norges Dykkeforbund for å rapportere funnen reiskap. Beløpet varierer frå 200 til 400 kroner avhengig av type reiskap. Den enkelte dykkeklubb mottar utbetaling av Dykkeforbundet den påfølgjande månaden. For eksempel vil ein rapport om funn sendt inn i mars, bli utbetalt i midten av april. (I påvente av tilskot frå Miljødirektoratet vil tilskot for januar og februar bli betalt ut i slutten av mars.)

Spørsmål om utbetaling kan rettes til Norges Dykkeforbund på e-post.  

Film om spøkelsesfiske

Oppdatert: 29.06.2017