Mange beslag langs Agderkysten

88 reiskapar vart tatt beslag i og 51 forhold vart melde til politiet i kontrollaksjon langs kysten mellom Mandal og Arendal.

– Kontrollaksjonen er eit samarbeid mellom Fiskeridirektoratet, Agder politidistrikt, Statens naturoppsyn, Kystvakta og kommunane sine skjergardstenester, fortel førsteinspektør Svein Hadland i Fiskeridirektoratet region Sør. 

Varierande resultat

På nokre stader er teinene merkte etter regelverket, fluktopninga er riktige og det er ingen ulovlege ruser eller ingen garn som er sett for grunt eller slik at det bryt lokale reglar for nedsenking. Hugs at i perioden 1. juni til og med 15. august er det forbod mot fritidsfiske med garn grunnare enn 25 meter.

Andre stader er det i all hovudsak ulovleg fiske; reiskap som ikkje er merkte og manglande fluktopning i teiner.

– Hugs at teiner som er sette til krabbefiske skal ha to fluktopningar på minimum 80 millimeter, ein på kvar side av teina. Og at all reiskap skal merkast med namn og adresse, minner Hadland om.

Kontrollane vart gjort i perioden 28. juni til 11. juli.
76 av dei kontrollerte reiskapane var ok, både med tanke på merking og fluktopningar.
Av dei 88 reiskapane som vart tatt beslag i var 74 teiner, ni ruser og fem garn.
13 av dei 51 forholda som vart melde til politiet hadde kjent gjerningsperson. Det vart også gjeve 25 åtvaringar.

Oppdatert: 12.07.2019