Tips førte til beslag av teiner og garn

Ein telefon til Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral, FMC, førte denne veka til kontroll og beslag i Årdalsfjord i Rogaland.

– Vi tok beslag i 13 teiner og to garn, som anten ikkje var merkt etter gjeldande reglar eller mangla rett fluktopning, fortel inspektør  Narve Leonhardsen.

Reiskap som vert ståande i sjøen held fram med å fiske

Teine med innstengt fisk. Foto © Fiskeridirektoratet

Fleire av teinene bar tydeleg preg av å ha stått lenge i sjøen. Reiskap som vert ståande i sjøen vil halde fram med å fiske til det eventuelt går i oppløysing. Dette kallar vi spøkelsesfiske.

– Fisk, skaldyr og i nokre tilfelle også andre dyr, vert sitjande fast i reiskapen og vil etter kvart døy av skader eller svolt. Så vert dei agn for nye fiskar og skaldyr, som igjen døyr, som igjen vert til agn, og slik held det fram. Dette er ikkje god dyrevelferd. Vi kjenner ikkje det fulle omfanget av spøkelsesfiske, men når vi får tips om slike reiskapar prøvar vi å finne dei og rydde opp, seier Leonhardsen.

Merk reiskap med namn og adresse og hugs fluktopning/rømmingshol

All reiskap skal merkast med namn og adresse. I tillegg skal det vere fluktopningar i teiner.

Teine med innestengt hummar. Foto © Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har på høyring eit forslag om at også krabbeteiner skal ha rømmingshol med rotnetråd.

Per i dag er dette påbode berre for hummarteiner, men forslaget inneber at også krabbeteiner skal bli utstyrte med rømmingshol med rotnetråd.

Dersom forslaget vert vedteke vil det redusere faren for spøkelsesfiske.

– Sjølv om det enno ikkje er påbode med rømmingshol i krabbeteiner er det ingenting i vegen for å montere dette i teinene dine. Dersom teina går tapt eller på annan måte blir ståande igjen i sjøen, vil rømmingshol hjelpe fisk og skaldyr å ta seg ut av teina, forklarar Leonhardsen.

Veit du om ulovleg reiskap kan du kontakte FMC på telefon: 55 23 83 36 eller e-post: fmc@fiskeridir.no

Meld frå om tapt reiskap

Inspektør dreg opp nedgrodde teiner i Årdalsfjord i Rogaland. Foto © Fiskeridirektoratet

Har du tapt reiskap kan du melde dette i appen «Fridisfiske». Appen er gratis.

– Fiskeridirektoratet har samarbeid med dykkeklubbar, som brukar appen for å finne og hente opp tapt reiskap. Det er derfor viktig at du melder frå dersom du misser reiskap og ikkje klarer å hente det opp att sjølv, seier Leonhardsen.

Dersom du er yrkesfisker og misser reiskap, skal du melde dette til Kystvaktsentralen (telefonnummer: 07611).

Oppdatert: 19.07.2019