Stort beslag etter fellesaksjon

Nyleg  gjennomførte Kystvakten på oppdrag frå Fiskeridirektoratet og politiet ein aksjon mot ein  fritidsfiskar i region Vest der over 100 krepseteiner vart beslaglagt.

Mesteparten av dei beslaglagde teinene viste seg å tilhøyre ein yrkesfiskar som hadde anmeldt tjuveri av ei rekkje krepseteiner i 2019.

- Sjølv om kontrollaktiviteten i Fiskeridirektoratet er endra på grunn av koronapandemien kan vi likevel ved hjelp av Kystvakten, politiet og vår eiga sjøtjeneste vere på havet og kontrollere at både yrkesfisket og fritidsfisket går føre seg på korrekt vis , og vi kan gjennomføre aksjonar for å avsløre ulovlegheiter, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

beslag-krepseteiner-region-vest-.JPG

Over 100 krepseteiner er beslaglagt. Foto: Kystvakten

Ulovleg fiske

Saka som no er i ferd med å rulle opp i region Vest der ein person både er mistenkt for å stele andres reiskap, i tillegg til ulovleg fiske – med angiveleg stolen reiskap, er eit døme på at kontrollorgana er i stand til å avdekke ulovlegheiter i tider der mykje av landet er satt på vent.

- Vi får inn ein del tips som vi vurderer fortløpande og når det er gode tips er det ikkje langt til handling, som i dette tilfellet, sjølv om kontrollaktiviteten er endra. Denne saka viser i tillegg at det tverretatlege samarbeidet fungerer sjølv med dei utfordringane vi har no, sier Iden.

Saka vart først anmeldt av yrkesfiskaren og sidan henlagt utan kjent gjerningsperson. Då Fiskeridirektoratet med bakgrunn i tips gjennomførte ein kontrollaksjon i januar førte informasjon knytt til aksjonen til at politiet opna den henlagde saka igjen, og som igjen førte til kontrollaksjonen nyleg.

Oppdatert: 02.04.2020