Registrer deg til årets hummarfiske

Alle som skal fiske hummar må registrere seg, også dei som var registrerte i fjor. Registreringa gjeld berre for inneverande år. 

Registreringsskjema for å delta i hummarfiske 2020 (Pålogging via ID-porten)

Kven skal bruke skjemaet

Registreringsskjemaet gjeld både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar. Det betyr at yrkesfiskarar skal klikke på privatperson og ikkje på verksemda når dei klikkar seg inn på skjemaet.

Søkje på vegner av andre

Dersom du av ulike grunnar ikkje kan bruke det digitale registreringsskjemaet, kan andre søkje på dine vegner. Den som skal søkje for deg må vite:

  • fødselsnummeret ditt
  • namnet og adressa di
  • telefonnummeret ditt

Når kan skjemaet brukast

Det er mogleg å registrere seg fram til sesongslutt, det vil seie 31. desember 2020.

Meir om når du kan fiske hummar i ulike delar av landet

Les meir om hummarfiske

Koreleis skal hummarteina vere?

Monteringsrettleiar for bomullstråd/rotnetråd i hummarteiner

Alle regler for hummarfiske

Oppdatert: 01.09.2020