Fiskeridirektoratets miljøpris til Nordic wildfish AS

Fiskeriselskapet Nordic wildfish AS (tidlegare Roaldsnes) er årets vinnar av Fiskeridirektoratets Miljøpris. Nordic wildfish får prisen for sitt arbeid med å redusere energiforbruket og optimal ressursutnytting av fangsten om bord på sine fartøy.

Prisen vart delt ut på Fiskeridirektoratets stand på fiskerimessa Nor Fishing i Trondheim av fiskeriminister Per Sandberg og fiskeridirektør Liv Holmefjord. Dette er tiande gong Fiskeridirektoratet deler ut miljøprisen.

– Det er snakk om ny innfrysingsteknologi som gir rask innfrysing og dermed mindre energiforbruk, og det er snakk om bruk av ny metode i produksjonen av fangst om bord slik at alt blir utnytta. Stikkord er CO2 som kuldemedium i staden for freon og hydrolyseteknologi i produksjonslinjene, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved prisutdelinga.

Ny fryseteknologi og bruk av hydrolyse

Selskapet har sin base på Valderøya i Møre og Romsdal og driv fire større fiskebåtar. På to av desse er det installert ny fryseteknologi og ny metode ved prosessering av fangst om bord på høvesvis «Roaldsnes» og «Molnes».

Den nye fryseteknologien om bord på «Roaldsnes» er utvikla i samarbeid med Kuldeteknisk AS og frys fangsten raskt ned mot minus 50 grader. Dette gjer at energiforbruket ved innfrysing blir redusert som igjen reduserer det totale energiforbruket om bord. I tillegg har det vist seg at kvaliteten på det innfryste produktet ser ut til å vere høgare enn tradisjonell innfrysing ved hjelp av freon.

Trålaren «Molnes» vart ferdig bygd om i vår og har no installert nye produksjonslinjer med hydrolyseteknologi. Dette tyder at fisken som kjem opp med trålen blir maksimalt utnytta og fangsten blir betre tatt vare og gir betre kvalitet. Restråstoff som tidlegare vart kasta på sjøen vert no utnytta og brukt som proteinkjelde i ulike samanhengar.

– Til saman syner dette eit reiarlag som tenkjer og handlar både miljøvenleg og effektivt, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Oppdatert: 16.08.2016