Eitt steg nærare samlokalisering

Regjeringa foreslår 13 millioner kroner til forprosjekt for nytt bygg for Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken i Bergen.

Ved ein ørliten budsjettlekkasje i morgontimane før sjølve forslaget til statsbudsjett vart lagt fram onsdag kom stortingsrepresentant Tom Christer Nilsen (H) i følgje med lokalpolitikarane Tor André Ljosland (Krf) og August Simonsen (V) med nyheita om forprosjektet for nytt bygg.

Forskningsdirektør ved Havforskninsginstituttet Geir Lasse Taranger (f.v), stortingsrepresentant Tom Christer Nilsen (H) og konstituert fiskeridirektør Per Sandberg. © Fiskeridirektoratet.

Forskningsdirektør ved Havforskninsginstituttet Geir Lasse Taranger (f.v), stortingsrepresentant Tom Christer Nilsen (H) og konstituert fiskeridirektør Per Sandberg. © Fiskeridirektoratet.

– Eg er svært nøgd med at vi nå kjem eit stort steg nærare realisering av prosjektet. Bygget og samlokalisering vil kunne gje området og fagmiljøa eit stort løft. Dette er ein gledens dag for havbyen Bergen, seier Høgres stortingsrepresentant, Tom-Christer Nilsen.

Styrke forvaltninga av marine ressursar 

Eit nybygg på Dokkenområdet vil styrke det marine kunnskapsmiljøet i Bergen og vil gje mogelegheiter for ny og spennande byutvikling i Bergen.

– Vi ser fram til å kunne starte på dette felles løftet, og med dette forslaget er vi langt nærare ei realisering. Ei samlokalisering av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet vil styrke ei bærekraftig forvaltning av dei marine ressursene våre. Det vil bety oppbygging av kunnskap som vil vere heilt avgjerande for ein havnasjon som Noreg er, seier fungerande fiskeridirektør Per Sandberg.

Forprosjektet vil etter planen ta to til tre år. Samla ramme for forprosjektet er 220 mill. Etter ferdig forprosjekt og kvalitetssikring vil regjeringa fremje eit eventuelt forslag for Stortinget om gjennomføring av sjølve prosjektet.

Samla forventa kostnadsestimat er 3,18 milliarder kroner. Av dette utgjer byggeprosjektet 2,546 milliarder kroner og brukarutstyr 634 millionar kroner.

Oppdatert: 07.10.2020