Kvifor er det viktig å rapportere fangst i turistfiske?

Vi veit endå for lite om kor mykje turistane fiskar, kva artar dei får og kvar. Derfor må vi få inn informasjon om dette, slik at vi betre kan forvalte våre felles ressursar.

Sikrar berekraftig forvalting

Vi treng betre oversikt over uttaket av kystnære bestandar. Det kan både vere frå turistfiske, fritidsfiske og kommersielt fiske.

– For å kunne sikre ei berekraftig forvalting må vi følgje fiskebestandane over tid. Vi har eit omfattande system for kvalitetssikring av rapporterte fangstar innan kommersielt fiske, både på art og mengde. Vi har også eit fartøyregister, der alle fiskefartøy er registrerte med blant anna fiskerimerke og eigar. Men når det gjeld turistfiske er vi i startfasen med registrering av fangstar, fortel seniorrådgjevar Trond Ottemo, ved reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

I 2018 vart det oppretta eit register for fangst i turistfisket. Dette registeret vil gjere det mulig å følge utviklinga i både fangst og innsats over tid.

Registeret kan brukast til blant anna å velje ut eit representativt utval av bedrifter som forskarane kan besøke for å samle inn biologiske prøver.

Forskar på fritids- og turistfiske

Havforskingsinstituttet har for tida eit forskingsprosjekt på norsk fritids- og turistfiske, og gjennom dette prosjektet vil det vere mulig å vurdere kvaliteten på dei tala som har kome inn via den obligatoriske rapporteringa.

– Turistfiske i Noreg kan stå for eit betydelig uttak i enkelte område, og det er derfor viktig å få inn informasjon om fangst og innsats. Vi har hatt svært avgrensa kunnskap om fangst og innsats i både fritids- og turistfiske, og fangstane som blir rapporterte no bidrar til eit auka kunnskapsgrunnlag, seier Jon Helge Vølstad, som er forskingssjef ved avdeling for fiskeridynamikk ved Havforskingsinstituttet.

Tal på fisk er betre enn vekt

Erfaringar frå tidlegare studiar viser at rapportering av fangst i rundvekt (som er praksis i kommersielle fiskeri) kan skape store utfordringar og usikkerheit i turistfiske. Dette er fordi nokre turistar kjem inn frå fisketur med heil fisk, nokre med sløyd fisk og nokre med berre filet.

Sjølve innveginga kan også vere problematisk fordi det kan vere vatn og blod i kassen eller bøtta fisken blir vegen i, og som ikkje nødvendigvis blir trekt i frå fangstvekta.

– Ved å kombinere fleire datakjelder får vi betre resultat. Til dømes vil vi kunne kombinere anslag på gjennomsnittsvekt av fisk frå omfattande utvalsundersøkingar, som Havforskingsinstituttet gjennomfører, med talet på rapportert landa fisk, for å anslå landa kvantum fisk i tonn, forklarar Keno Ferter, som er forskar ved avdeling for fiskeridynamikk ved Havforskingsinstituttet.

I bestandsberekningar for dei kommersielt viktige artane, utført av det internasjonale havforskingsrådet (ICES), vert det brukt anslag på tal fisk per aldersklasse i fangstane.

Torsk, kveite, uer, steinbit og sei skal rapporterast

Artane som blei valt til å begynne med er artar som anten er spesielt interessante for både forvalting og forsking eller fordi dei er forventa å utgjere ein stor del av uttaket.

– På lang sikt er det ynskjeleg med ei utviding til dei fleste artane som blir fanga. Men for å sikre gode rapporteringsrutinar no i starten er det mest hensiktsmessig med nokre få utvalde artar, seier Ottemo.

Det er også viktig å sikre riktig identifisering av art gjennom informasjonsarbeid.

Viktig å rapportere også når ein ikkje får fangst

Dersom den som fiskar ikkje rapporterer nullfangstar er det ikkje mulig for forvalting og forsking å fange opp viktige forandringar i utbreiinga eller størrelsen til bestanden. Derfor er rapportering av nullfangstar viktig for å berekne gjennomsnittsfangst i forhold til innsats (fangst per eining innsats). Slik kan utviklinga i størrelsen på bestanden over tid følgast.

Forskarane trur det er for tidlig å seie noko om kva tid dei rapporterte tala blir brukte i rådgjeving til forvaltinga. Neste steg er ei kvalitetssikring via utvalsundersøkingar og ei samanlikning med andre data frå fritidsfiske for å vurdere betydinga av turistfiske i høve til andre fiskeri.

Oppdatert: 22.03.2019