Fiskarmanntalet 2020

Framlegg til fiskarmanntal for 2020 blir sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 11. november 2019 og tre veker framover. Framlegget blir lagt ut på alle kontora til Fiskeridirektoratet i den enkelte region.

Vi ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år. Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 11.november. Naudsynt dokumentasjon må følgje med.

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar kvar for sin region.

Skriftleg klage med grunngjeving blir å sende til postmottak@fiskeridir.no eller:

Fiskeridirektoratet

Postboks 185 Sentrum

5804 Bergen                     

Hugs å merke konvolutten eller e-posten med namnet på regionen der du er busett og ha med tilvising til referanse i saka.

Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november:

Region Nord:

  • Elisabeth Richardsen, tlf.  913 79 242
  • Anastasia Henriksen, tlf.  958 78 113

Region Nordland: 

  • Per Eilif Sagen, tlf.  481 45 625                  
  • Brita Kroknes, tlf.  468 47 058

Region Midt:

  • May Randi Bonesrønning, tlf.  452 99 865                           

Region Vest:         

  • Magne Sumstad, tlf. 906 42 909  

Region Sør:         

  • May Britt Håland, tlf. 476 23 680

Framlegg til Fiskarmanntal 2020

Oppdatert: 08.11.2019