Tilskot til fiskeriforsking i 2021

Søknad om tilskot til fiskeriforsking for 2021 må vere sendt Fiskeridirektoratet innan 10. november 2020.

Fiskeridirektoratet har ansvar for forvaltning av tilskot til fiskeriforsking finansiert av fiskeriforskingsavgifta. Med atterhald om Stortingets budsjettvedtak vert det med dette utlyst tilskot for fiskeriforsking for 2021.

Kven kan søkje?

Norske forskingsinstitusjonar utanom fiskeriforvaltninga (ikkje Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet) og norskregistrerte private aktørar i samarbeid med forskingsinstitusjon kan søkja.

Kva kan ein søkja om?

Tilskotsordninga skal først og fremst bidra  til å dekke kostnader for å innhente kunnskapsgrunnlag for ei bærekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursar, men kan også etter ei konkret vurdering nyttas til anna kunnskapsinnhenting for å realisera føremålet i havressurslova. Tilskotet skal berre dekka kostnader til bruk av fartøy og andre ekstrakostnader ved toktverksemd.

  • Tilskotet kan maksimalt dekka 50 prosent av kostnadene for forskingsprosjektet i 2021, og det er berre reelle kostnader som ikkje er finansiert gjennom ekstern finansiering
  • Søkjar må også leggje fram fullstendig budsjett og opplysa om status for anna finansiering. Prosjekt som dekker fiskeriforvaltningas kunnskapsbehov har høgast prioritet, men andre prosjekt som fell inn under ordningas føremål kan også søkje.

Resultata frå prosjekta skal gjerast offentleg og fritt tilgjengelige. Dette inkluderer både innsamla data og resultat.

  • Dersom ein har delfinansiering frå Forskingsrådet, FHF, Innovasjon Norge eller EU, vil det vurderast som positivt.
  • Det kan berre gis bindande tilsegn om tilskot for budsjettåret 2021. Dersom ein søkjer om støtte til prosjekt som går over fleire år, kan det gjevast med atterhald om Stortinget sitt framtidige budsjettvedtak.

Mottakar av tilskotet skal sende inn prosjektrekneskap som gjeve i tilsegnsbrevet.

Mottakar skal også rapportere om korleis prosjektet har medverka til å oppnå målsettingane.

Oppfølgings- og kontrolltiltak vert basert på mottatt innrapportering frå tilskotsmottakar. Fiskeridirektoratet kan vurdere om det er nødvendig med ytterlegare oppfølgings- og kontrolltiltak.

Dersom tilskotsmottakar gjev uriktige opplysingar eller tilskotet ikkje vert nytta i samsvar med vilkåra i tildelinga, kan tilskotet krevjast heilt eller delvis tilbake.

Søknadsfrist: 10.november 2020.

Oppdatert: 12.10.2020