Løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn - grøne løyve

Fiskeridirektoratet lyste i 2013 ut 45 løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure med spesielle vilkår (såkalla grøne løyve).

Tildelinga har som mål å stimulere til utvikling av nye teknologiske eller driftsmessige løysingar som reduserer miljøutfordringane i havbruksnæringa.

Erfaringane som oppdrettarane haustar med dei nye løysingane kan vere viktige for å sikre ei vidare utvikling av havbruksnæringa. Det blei derfor ved tildelinga av desse løyva sett som eit generelt vilkår at kunnskap og erfaring skal delast slik at dei kjem heile akvakulturnæringa til gode.

Oppdrettarane som fekk tildelt desse løyva skal derfor årleg gje ut ein rapport med data, erfaringar og ei evaluering av løysingane.