Røkting av reiskap

For å bidra til betre dyrevelferd og mindre forsøpling i havet er det krav til røkting av reiskap. Garn, liner, teiner og ruser skal røktast, slik at skade og tap av fangst ikkje skjer. 

Garn, liner, teiner og ruser skal røktast minimum ei gong per veke, dersom ikkje anna er bestemt.

Kravet om røkting går fram av paragraf 18 i haustingsforskriften (lovdata.no)

Tidlegare har det vore krav om at garn, ruser og teier for enkelte artar skal røktast med bestemte mellomrom. No er reglane utvida til å omfatte alle typar garn, liner og teiner langs heile kysten. Det medfører ikkje endringar for reiskapstypar eller fiske og fangst etter arter som alt er pålagt ei røktingsplikt. 

Røktingskravet gjeld både fritids- og yrkesfiskarar.

Kva er røkting?

Røkting av reiskapen inneber at ein trekkjer reiskapen, tar hand om fangsten og sjekkar at alt er i orden, før ein eventuelt set reiskapen ut igjen.

Spøkelsefiske

Når reiskap av ulike grunnar blir ståande att i sjøen og fisker, oppstår såkalla spøkelsesfiske. Spøkelsesfiske medfører dårleg dyrevelferd og ei ukjent beskatting av ressursar. Alle som fiskar har ei plikt til å drive fiske på ein slik måte at tap av reiskap kan unngåast.

Mister ein likevel reiskap skal eigaren prøve å sokne etter den og melde tap dersom reiskapen ikkje kan bergast.

Les meir om marin forsøpling og korleis du melder tapt reiskap