Sal og utførsel

Kjøper du fisk og skaldyr frå privatpersonar? Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag, og det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar.

For sal av fisk går det eit tydeleg skilje mellom fritidsfiske og yrkesfiske. Dersom båten ikkje er registrert i fartøyregisteret, vert du rekna som fritidsfiskar, og kan maksimalt omsette for 50 000 kroner per kalenderår. Omsetninga skal alltid skje gjennom eit fiskesalslag eller ein godkjend kjøpar. 

Oversikt over kven som er godkjende kjøparar finn du i kjøparregisteret

Dersom du har fått dispensasjon frå ditt salslag til å selje fangsten ved kai, skal du vere registrert i kjøparregisteret.

Kjøper av fangst og kaisal

Kaisal og oversikt over fiskesalslaga

Du kan kontakte oss eller fiskesalslag for meir utfyllande informasjon om korleis du som fritidsfiskar kan selje fangsten din.

Registreringskrav for kaiseljarar frå 01.01.2022 

Frå 01.01.2022 må fritidsfiskarar med kaisalsdispensasjon òg vere registrert i Føretaksregisteret og Einingsregisteret for å bli registrert i kjøparregisteret.

For å registrere enkeltpersonføretak i Einingsregisteret og Føretaksregisteret må den det gjeld planlegge å drive næringsverksemd, ha norsk forretningsadresse, og dessutan vere fylt 18 år. Viss personen er over 15 år, så kan enkeltpersonføretak registrerast etter løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren. Dette inneber samtidig at det ikkje kan registrerast fritidsfiskarar med kaisalsdispensasjon under 15 år i kjøparregisteret.

Forskrift om registrering som kjøpar av fangst (lovdata.no)

Omsetningsgrense på 50 000 kroner 

Ein person eller eit føretak kan ikkje omsette fangst for meir enn 50 000 kroner per kalenderår. 

Dersom fleire personar eller føretak fiskar med same fartøy, kan det til saman ikkje omsettast for meir enn 50 000 kroner av fangst tatt med dette fartøyet per kalenderår. Grensa gjeld altså både per person/føretak og per fartøy.

Det er ikkje eit krav at den som fiskar for omsetning eig fartøyet det blir fiska frå. Fartøyet kan vera leigd eller lånt, så lenge det til saman ikkje blir fiska og omsett for meir enn 50 000 kroner med fartøyet.

Beløpsgrensa på 50 000 kroner utløyser også registreringsplikt etter meirverdiavgiftslova for næringsdrivande ved omsetning av varer og tenester. Merk at mva-grensen gjeld for dei siste 12 månader, mens grensa for fritidsfiske gjeld per kalenderår.

Båten må vere registrert 

Fritidsfiskarar som skal fiske torsk for sal, må først registrere båten i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet (sbr.rs.no) eller Skipsregistrene (sjofartsdir.no) .

For å fiske torsk for omsetning skal båten vere påført registreringsmerke eller kjenningssignal godt synleg og tydeleg på begge sider av båten.

Registreringsmerket/kjenningssignalet skal førast på sluttseddelen ved omsetning.

Kven kan ikkje vere fritidsfiskar?

Den som eig, eller er medeigar av, ein merkeregistrert båt kan ikkje drive fritidsfiske for omsetning på fiskeslag som den merkeregistrerte båten er tildelt kvote for.

Eigarar av merkeregistrerte båtar skal ikkje kunne bruke ein fritidsbåt til å fiske eit tillegg til kvoten.

Dette gjeld alle som har ein eigardel i ein merkeregistrert båt som er tildelt kvote, uavhengig av kor liten eigardelen er. Det er for eksempel ikkje noko krav om å eige mer enn 50 prosent av den merkeregistrerte båten for å vere omfatta av regelen.

Torskekvote for fritidsfiskarar

Fritidsfiskarar nord for 62° N kan maksimalt fiske og lande 2000 kg torsk (rund fisk) for omsetning per kalenderår. Sør for 62° N kan fritidsfiskarar kun fiske og lande maksimalt 1000 kg torsk (rund fisk) for omsetning per kalenderår. Både sør og nord for 62° N gjeld avgrensinga per person og per fartøy.

Den som ynskjer å fiske meir enn 1000 kg torsk for sal, må altså både fiske og lande all torskefangst nord for 62° N.

Fiskestopp 

Når fiskerimyndigheitene fastset fiskestopp for yrkesfiskarane, gjeld dette også for fritidsfiskarane dersom det står skrive i stoppmeldinga. Det betyr i så fall at du må avgrense fisket til eige hushald.