Personvern på fiskeridir.no, nyhetsbrev og i sosiale media

For å forbetre nettsidene våre, samlar vi inn informasjon om bruksmønsteret til besøkande via Matomo. I sosiale media behandlar vi personopplysningar i høve til vilkår for behandling i den enkelte kanal.

Webanalyse og informasjonskapslar

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som vitjar nettstaden. For å analysere informasjonen bruker vi Siteimprove, Monsido og Matomo.

Desse verktøya bruker informasjonskapslar/cookies som registrerer IP-adressene til brukarane, for på den måten å skaffe informasjon om bruksmønster, type nettlesar, operativsystem og breibandsleverandør. Bruksmønsteropplysingar vert brukte i aggregert form til analyseformål for å forbetre nettsidene.

Alle innsamla data vert anonymiserte, og kan derfor ikkje sporast tilbake til enkeltbrukarar. 

Du kan velje ikkje å akseptere informasjonskapslar (cookies) ved å endre innstillingane i din nettleser. Besøk nettvett.no for meir informasjon om korleis du administrerer informasjonskapslar.

Hotjar behandlar data i tråd med europeiske personvernlover. Hotjars retningslinjer for personvern (hotjar.com) 

Behandlingsgrunnlaget for lagring av slika data er GDPR artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for å ivareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å forbetre tenestene våre.

Nyheitsbrev og abonnement på tenester frå Fiskeridirektoratet

På fiskeridir.no kan du registrere deg med enten mobilnummer eller e-post og få våre nyheitsbrev, eller varsel om nye fiskerimeldingar, j-meldingar, akvakulturforskrifter og kart. Fiskeridirektoratet brukar eksterne leverandørar til å drifte desse tenestene. Det er inngått databehandlaravtalar med tenestetilbydarane. MailMojo er databehandlar for nyheitsbrevet, mens Systor Vest AS er databehandlar for sms-varslinga.

Behandlingsgrunnlaget vårt er ditt samtykke, og du kan når som helst trekke dette tilbake.

Personvern i våre sosiale media kanalar

Fiskeridirektoratet sin Facebookside 

På Fiskeridirektoratets Facebookside samlast det inn personopplysningar gjennom det dei registrerte skriv og handlingar registrerte utfører relatert til sida. Dataa blir analyserte gjennom Facebooks teneste Sideinnsikt, og blir presenterte for Fiskeridirektoratet som ein aggregert statistikk.

Informasjon om Sideinnsikt (facebook.com).

Sideinnsikt gir Fiskeridirektoratet informasjon om kor mange som har sett innlegg, har likt, delt og kommentert, korleis registrerte reagerer på innlegg, demografiske data, og kor mange som ser sidene. Fiskeridirektoratet har ikkje tilgang til data som blir behandla som ein del av hendingane, men berre til den aggregerte sideinnsikta. Bruken av innsiktdata hjelper direktoratet å vurdera eigen informasjon som blir publisert og kva innhald som best engasjerer brukarar. Fiskeridirektoratet er alltid oppteke av å spreia korrekt og viktig informasjon, og han aggregerte statistikk vil også gi ein indikasjon på nytteverdi for publikum.

Fiskeridirektoratet vil ha tilgang til personopplysningar som brukarar sjølv vel å dela i kommentarfelt, og som kjem fram ved besøk på bedriftssida, som reaksjonane til brukarane. Direktoratet har stengt ned moglegheita for at brukarar kan senda oss direktemeldingar (Messenger).

Direktoratet nyttar seg heller ikkje av noka form for annonseringsteneste. All saksbehandling og dialog knytt til enkeltpersonar skal gå føre seg i andre kanalar.

Felles behandlingsansvar med Facebook

Fiskeridirektoratet har felles behandlingsansvar med Meta/Facebook Irland for behandling av personopplysningar som skjer på Fiskeridirektoratets Facebookside. Dette gjeld til dømes personopplysningar som er nødvendige for innsikt-funksjonen til Facebook. 

Fiskeridirektoratet og Facebook har regulert korleis behandlingsansvaret skal utøvast i ein avtale.

Avtale om regulering av behandlingsansvar (facebook.com)

Fiskeridirektoratet sitt behandlingsansvar er avgrensa, og informasjon som Facebook behandlar før du kjem inn på vår side og behandling som Facebook gjennomfører som ikkje Fiskeridirektoratet har nokon innverknad over, fell utanfor Fiskeridirektoratets ansvar. Facebook har eigne formål for behandling, og som kjem fram av avtalen din med Facebook og Facebook personvernerklæringa si.

Behandlingsgrunnlag og formål med behandlinga

Fiskeridirektoratets nærvær på Facebook er viktig i satsinga om ei open og tydeleg forvaltning. Fordelen Fiskeridirektoratet oppnår er at me blir lettare tilgjengeleg for ein større del av befolkninga. Dette er også i interessa til det offentlege ved at informasjon frå direktoratet blir lettare tilgjengeleg for befolkninga.

Fiskeridirektoratets behandlingsgrunnlag er den rettmessige interessa i å kommunisera kunnskap og informasjon om regelverket som Fiskeridirektoratet forvaltar til ein større del av befolkninga (personvernforordninga artikkel 6 (1) (f)).

Rettane dine

Som Facebook bruker har du rett til innsyn, retting, sletting, rett til å protestera, rett til å be om avgrensing, og rett til dataportabilitet. Du har også rett til å klaga til ei tilsynsmakt.

Informasjon om rettingshetane dine under Facebook Privacy Policy (facebook.com)

Fiskeridirektoratet og Facebook har avtalt at Facebook er ansvarleg for å gi den registrerte informasjonen om behandlinga som skjer gjennom Sideinnsikt. Dersom du vender deg til Fiskeridirektoratet med spørsmål om rettane dine, vil me kunna vidareformidla spørsmåla til Facebook.

Kontakt Personvernombudet i Fiskeridirektoratet

Andre sosiale media 

Linkedin (Linkedin Privacy Policy
Twitter (Twitter GDPR & Privacy
Youtube (Youtube Policies & Safety