Internasjonalt kontrollarbeid

Ressurskontrollen er ein hjørnestein i den heilhetlige fiskeriforvaltinga. Norge deler 90 prosent av fiskebestandane med andre land, og forvalting og ressurskontroll er derfor avhengig av internasjonalt samarbeid. Fiskeridirektoratet leggjer ned mykje arbeid for å styrke den globale ressurskontrollen.

Internasjonal kontroll av torsk, Nederland. Foto © Fiskeridirektoratet

Vårt internasjonale arbeid med ressurskontrollen følgjer tre hovudliner:

1. Arbeid gjennom globale og regionale organisasjonar, og bilateralt for å harmonisere regelverk og kontrollmetoder. Dette er avgjerande for å sikre like konkurranseforhold og etterleving av regelverk i eit internasjonalt perspektiv.

2. Arbeid i internasjonale fora skaper rom for samarbeid og utveksling av informasjon om ulovlege, uregistrerte og urapporterte fiskeri. Dette gjer det einskilde land i stand til å reagere meir effektivt på slik aktivitet i eigne farvatn og bistå andre land i deira kontrollarbeid.

3. Arbeid med utviklingsland for å styrke deira eigen kontrollkapasitet. I eit globalt perspektiv er norsk ressurskontroll godt utvikla, og vi har brei kompetanse på området. Denne kompetansen medverkar vi først og fremst med gjennom NORAD, men også gjennom andre typer bilateralt og regionalt samarbeid.

Kontrollavtale om makrell, sild, kolmule og hestmakrell

I november 2022 signerte Norge, EU, Færøyene, Island, Storbritannia og Grønland en kontrollavtale som gjelder for makrell, sild, kolmule og hestmakrell. Flere av tiltakene i avtalen er allerede innført i Norge, men det er også en rekke nye krav som skal innføres før 1. januar 2026. Blant annet krav til automatiske vekter og veiesystemer, og krav til installasjoner for avsiling av vann ved landing til mel- og oljeproduksjon.

Dette er en historisk avtale ettersom den etablerer felles kontrolltiltak i en frittstående avtale uavhengig av de årlige fiskeriavtalene.

Agreed record of conclusions of fisheries consultations, between Norway, the European Union, the Faroe Islands, Greenland, Iceland and the United Kingdom on control measures for pelagic stocks in the North-East Atlantic - November 2022 (pdf, 235.6 kB)

Internasjonale og regionale organisasjonar der direktoratet deltek med kompetanse innan ressurskontroll

  • International MCS Network  (monitoring, control and surveillance)er ein uformell organisasjon som fokuserer på informasjonsutveksling og på styrking av kontrollkapasitet - spesielt i utviklingslanda som er medlemmer.
  • Interpol  er ein internasjonal organisasjon som skal medverke til internasjonalt kriminalpolitisamarbeid. Under Interpol er det oppretta ei eiga arbeidsgruppe for fiskerikriminalitet.
  • NEAFC er den regionale organisasjonen for fiskeriforvalting i Nordaust-Atlanteren. Denne organisasjon har vore pådrivar for harmoniserte kontrollmetodar, blant anna gjennom havnestatskontrollregimet og andre rapporteringsregimer.
  • NAFO er den regionale organisasjonen for fiskeriforvalting i Nordvest-Atlanteren.
  • FAO  er FN sin organisasjon for mat og jordbruk. Fiskerikomiteen i FAO (COFI) er heilt sentral for det globale initiativet på kontrollsida.
  • CCAMLR er den regionale fiskeriorganisasjonen for havområda i Antarktis.
  • ICCAT  er den regionale organisasjonen for forvalting av tunfisk og ein del haiartar i Atlanter- og Middelhavet. Denne organisasjonen har dei siste åra vore ein sentral utviklar av nye kontrollmetoder.
  • SEAFO er den regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonen for det søraustlege Atlanterhavet.

Kontrollavtalar med andre land

Sidan 1994 har Norge inngått kontrollavtalar med 17 nasjonar i tillegg til EU-kommisjonen.

Alle avtalane gjeld utveksling av informasjon om landingar frå kvarandres fartøy, nokon gjeld også utveksling av informasjon om landingar frå tredjelands fartøy.

Landene er einige om å utveksle kontrollpersonell både på sjø og land.

Følgjande nasjonar har Norge inngått samarbeidsavtale med, i tillegg til EU-kommisjonen:

Canada, Danmark, Frankrike, Færøyene, Grønland, Irland, Island, Litauen, Marokko, Nederland, Polen, Portugal, Russland, Storbritannia, Sverige, Spania og Tyskland.