Fiske etter leppefisk for fritidsfiskarar

Fritidsfiskarar må ha leveringsavtale for å kunne søke om å drive fiske etter leppefisk.

Den som vil fiske leppefisk med båtar som ikkje er merkeregistrerte, må ha særskilt løyve frå Fiskeridirektoratet før fartøyet starter opp med å fiske etter leppefisk. 

For å få slikt løyve må fiskaren ha leveringsavtale med godkjent kjøpar og båten må vere registrert i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregistrene.

Kopi av leveringsavtalen må leggjaset ved søknaden om løyve. Dersom båten er registrert i Småbåtregisteret, må fiskaren også leggje ved dokumentasjon på betalt årsavgift i Småbåtregisteret.

Teiner og ruser

Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med ruser.

Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner. 

Teiner som er sette i sjøen frå land, eller frå fartøy som ikkje er merkeregistrert, skal merkast tydeleg med eigars namn og adresse. I tillegg til merking av sjølve reiskapen skal alle vak vere merka på tilsvarande måte.

For teiner som er sette ut til fangst av leppefisk er det påbode med fluktopning, inngangssperre og rømningshol. Krava til utforming av reiskap er lik for fritids- og yrkesfiskarar. 

Reglane for bruk av teiner; mengd, røkting, merking og krav til fluktopning og rømmningshol

Andre reglar for bruk av teiner; mengd, røkting, merking og krav til fluktopning og rømmningshol.

Røkting

Teiner som vert nytta til fiske etter leppefisk skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og helgedagar.

Sal av fangst

All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Fritidsfiskarar kan maksimalt omsetje for 50 000 kroner per år.

Reglane for sal av fangst

Reiskapsavgrensingar i fredningsområda for hummar

I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap som også gjeld for fiske etter leppefisk. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.