Registrering av turistfiskebedrift

Alle turistfiskeverksemder som oppfyller bestemte kriterium må registrere seg i Fiskeridirektoratets register over slike verksemder. 

Skjemaside for å registrere din bedrift

Registreringa gjeld for bedrifter:

  • som er registrerte i meirverdiavgiftsregisteret
  • har inntekt basert på turistfiske i sjø på minst 50 000 kroner per kalenderår (brutto) og
  • disponerer minst eitt fartøy for utleige til fisketuristar eller som tar turistar med på fiske.

Registreringa skjer ved at søknad med nødvendige opplysingar vert sendt til Fiskeridirektoratet. For å gjere søknadsprosessen så enkel som mogleg er det laga eit digitalt søknadsskjema på Min side. Når verksemda vert registrert får verksemda automatisk ei kvittering på at den er registrert.

Registreringspliktige verksemder skal:

  • rapportere gjestane sine fangstar til Fiskeridirektoratet minst ein gong per månad.
  • informere turistane om regelverket for sports- og rekreasjonsfiske, inkludert om omsettingsreglar og utførselskvotar.

Frivillig registrering

Bedrifter som leiger ut minst éin båt og som har omsetnad frå turistfiske, men som står utanfor meirverdiavgiftsregisteret, kan registrere seg frivillig. Du må vere registrert i Brønnøysundregistra og ha eit organisasjonsnummer.

Registrering for utenlandske borgarar 

  • Alle utenlandske borgarar må ha eit D-nummer for å kunne registrere ei bedrift. D-nummer blir tildelt av Folkeregisteret/Skatteetaten og kan bli tildelt utenlandske borgarar med midlertidig opphold i Norge – som gjestearbeidar eller liknande. Les meir om dette hos skatteetaten.
  • For å kunne registrere ei bedrift i turistfiskeregisteret, enten som frivillig (inntil 50.000 kroner i omsetning) eller pliktig (over 50.000 kr i omsetning) må ein ha eit organisasjonsnummer. Det kan ein få ved Brønnøysundregisteret. Personar som søker om å få eit organisasjonsnummer må ha eit fødselsnummer eller D-nummer. Les meir om dette hos Brønnøysundsregisteret.
  • For å kunne registrere ei bedrift i turstfiskeregisteret etter å ha fått D-nummer og organisasjonsnummer må ein kunne logge seg inn på Min side, enten via ID-porten. For å få bank-ID eller annan digital innlogging må ein ha eit D-nummer. Les meir om dette hos ID-porten.

Les meir

Fangstrapportering for turistfiskebedrifter

Utførselskvote for turistar

Oppdatert: 03.09.2020