Monteringsbeskriving for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner - yrkesfiske

Denne monteringsbeskrivinga gjeld ved bruk av merkeregistrert fartøy. Alle teiner som vert brukte til fangst av hummar, taskekrabbe og annan krabbe (unntatt snøkrabbe), skal ha rømmingshol som vert halde lukka av bomullstråd.

Monteringsbeskrivinga gjeld ikkje for teiner som vert sette til fangst av kongekrabbe. Det er fastsett eigen monteringsbeskriving for kongekrabbeteiner.

Bomullstråden og monteringa av rømmingshol må oppfylle desse krava:

  • Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 4 mm i diameter.
  • Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
  • Bomullstråden skal festast slik at det er tilstrekkeleg med eit trådbrot før rømmingshol vert frigjort.
 
4 mm bomullstråd. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Eksempel på 4 mm bomullstråd, ubehandla og utan kjerne. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
  • I dei tilfelle der det er tillate å bruke tømmeluker som rømmingshol, er tillaten montering beskriven under kvar hovudtype av teiner. 
  • Rømmingsholet skal vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter. For rømmingshol i notlin, vel brukaren sjølv om det passar best å lage eit «rett hol» eller hol som «vinkel».
  • Rømmingshol i kalvar (inngangar) kan berre lagast dersom kalven er laga av notlin.
  • Det er ikkje tillate med montering av rømmingshol i botnen av teina. På ei teine med tønneform, er den tredjedelen av teina som har botnkontakt å rekne som botnen av teina.

Type "skotteteine"

Skotteteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
  • Dersom teina består av berre eit kammer, er det valfritt kva for ei av tømmelukene på sida eller kva for ei av sideflatene som vert brukte til rømmingshol.
  • Dersom teina har «sovekammer», er det dette kammeret som skal ha rømmingshol.
  • Dersom teina har fleire «sovekammer» skal desse ha rømmingshol.

Bilda under viser eksempel på 3 ulike metodar for montering av rømmingshol:

Skotteteine med sidehull. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol på sideflate: Brukaren vel sjølv plassering og retning på holet som vert laga. Holet må vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter, slik at det er fri utgang. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine med feste i lukestrikk. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol med bomullstråd festa i strikk: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Dersom det vert laga ei festeløysing for å unngå tap av sjølve kroken ved brot i bomullstråd, skal luka uansett kunne opnast minst 15 cm. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine med festekrok. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol med bomullstråd i feste til tømmeluke: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar. Dersom teina har meir enn eit kammer skal løysinga vere plassert i «sovekammer».

  1. I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er fest i endane, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  2. Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflate på teine, som vert halde lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på ei av sidene. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Type "plastkasseteine"

Plastkanneteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Standard «plastkasseteine» med tilnærma heildekkande tømmelokk på toppen, eit kammer og inngangar (kalvar) i begge ender av teina. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Brukaren vel sjølv ei festeløysing for tømmeluka (lokk på toppen) som angitt på bilde ovanfor. Festeløysing av lokket skal inkludere bomullstråd på ein slik måte at enkelt trådbrot på bomullstråden medfører at feste for luka er frigjort. Ved brot på bomullstråden skal luka kunne opnast minimum 15 cm frå ramma, men det er ein fordel om den kan opnast heilt.

Bildene under viser eksempel på 3 ulike metoder for lokkfeste med bomullstråd:

 
Plastkanneteine med krok opp. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Festekrok i lukestrikk: Ved bruk av denne løysninga skal krok festast til strikken på ein slik måte at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal vere frigjort.
Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Plastkanneteine med krok ned. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Festekrok i lukestrikk: Ved bruk av denne løysninga skal krok festast til strikken på ein slik måte at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal vere frigjort.
Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Plastkanneteine med hempeløsning. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Hempe av bomullstråd i lukestrikk: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass frigjerast ved eit enkelt trådbrot. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort  ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden  lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som vert festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.

Type "klappeteine"

Klappeteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Standard «klappteine» med eit kammer og inngangar (kalvar) i begge endar av teina. Teina vert opna med mekanisk lås på toppen. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Brukaren vel sjølv kvar i teina det skal lagast hol, men holet skal vere plassert slik at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter slik at det er fri utgang. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.

 
Klappeteine med hull i tak. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Bildet viser plassering ved uttesting som gav lav slitasje på tråd. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimu 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata eller taket på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
  • en er i hovedsak rettet mot produksjon av nye teiner, men er tillatt å montere i brukte teiner.

Type "treteine"

Treteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Krabbeteine laga av trematerialar. Dette er den teinetypen som det finns flest ulike utgåver av. Det inkluderer også anordningar for tømmeluke. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Krabbeteine laga av trematerialar. Dette er den teinetypen som det finns flest ulike utgåver av. Det inkluderer også anordningar for tømmeluke. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Tillatne løysingar er baserte på at teina har eit kammer. Dersom det er laga sovekammer, skal rømmingshol dekke dette kammeret.

Brukarar av treteine kan velje mellom følgjande løysingar for montering av rømmingshol:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
  • Tømmeluke kan brukast som rømmingshol. For at denne typen løysning skal vere godkjent må det lagast ei festeordning for luka som inkluderer bruk av bomullstråd. Løysninga må vere slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka ikkje lenger vert halden fast i lukka posisjon.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løisinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida, og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysinga er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som vert festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.

Andre "teinetyper"

For andre typar teiner, eller teiner laga av anna materiale enn det som er angitt ovanfor, kan følgjande løysingar brukast:

  • I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på min. 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysinga er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som er festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.

For teiner der rammeverket er laga tre vil i tillegg følgjande løysning vere tillate:

  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på tak eller lokk på toppen av teina. Løysinga skal vere «hengsla» på den eine sida. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/ festepunkta, for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere fri og plassert slik at den er ein naturleg utgang for fangsten.

Rømmingshol i kombinasjon med gjenfinningsløysingar

Rømmingshol i kombinasjon med flytbare gjenfinningsløysingar er tillatne.

  • For at ei slik løysing skal vere tillaten må det lagast eit hol i sideveggen på teina med ei fast opning på minimum 15 cm i diameter. Holet skal lukkast med ei flytbar gjenfinningsløysing som vert halden lukka (låst) med bomullstråd på ein måte slik at eit enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at holet opnast med fri utgang.

Råd i forbindelse med montering

  • Ved bruk av løysingar der frigjering av «festekrokar» er ein del av løysinga for rømmingsholet, anbefaler vi anordningar som også bidrar til at kroken ikkje vert mista ved trådbrot under pågåande fiske. 
  • Ved bruk av løysingar med plater som tettar rømmingshol vert det anbefalt å ha ei tilleggsløysing som gjer at sjølve plata ikkje forsvinn frå teina ved trådbrot under pågåande fiske.